Frå møtet i RFF på onsdag.Straumsallmenningen er ein sentral del av den offentlege uteromsstrukturen på Straume og knyter saman Varden på Straumsfjellet i aust med Straume sjøfront i vest.
RFF uttalar at det er svært positiv til at det vert lagt til rette for mjuke trafikantar og blå og grøne område på sentrale stader i kommunen.
- Vi ønskjer å presisera at det er viktig å gjera områda tilgjengelege for så mange som mogleg, og dei som har ulike funksjonsutfordingar. RFF vil gjerne verta tekne med på råd og få høve til å koma med innspel i utforminga av konkrete område/prosjekt, heiter det i uttalen frå rådet.
På møtet presenterte leiar Lisbeth Hjortland fleire konkrete innspel som rådet slutta seg til. Det gjeld mellom anna at det er viktig å ta omsyn til vinterforholda i planlegging av traséen. Rådet meiner det er positivt å leggja til rette for medverknad og innspel om mellom anna kontrastar og universell utforming. Langs traseen bør det etablerast små opphaldsstader, til dømes sitjegrupper.Her kan du lesa alle innspela. (PDF, 66 kB)
I saka går det fram at formålet med arbeidet er å få ein raud trå i heile aksen for Straumsallmenningen, slik at han får ein synleg karakter og identitet. Føringane for allmenningen vil kommunen også kunna nytta til utviklinga av fleire allmenningar og til det generelle gangnettverket på Straume.
Andre saker
Andre saker på sakskartet var innspel til høyringsframlegg for strategiplan for klima og energi 2026-2030», kvalitetsmelding 2025-2026 for grunnskulen og status for arbeidet med framtidas skule.
Involvering
Under posten «Spørsmål» vart det vist til at RFF ved fleire høve har ytra ønske om å vera involvert og få høve til å koma med uttalar i prosjekt som kommunen har ansvar for. Dette gjelder også dei nye lokala på Solsio og andre lokale som kommuneadministrasjonen skal flytta inn i. Det vart stilt spørsmål om kvifor ikkje RFF har vore involvert i dette arbeidet.
Rådet drøfta også oppfølging av arbeidet med å markera den internasjonale FN-dagen for personar med nedsett funksjonsevne. Dagen vert markert den 3. desember.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke