Volda vart årets nynorskkommune – heider til Øygarden

Kultur- og likestillingsdepartementet har kåre Volda kommune som vinnaren av årets nynorskkommune. Øygarden kommune fekk heiderleg omtale for arbeidet med nynorsk.

Eitt av språktiltaka i Øygarden er digitalt språkkurs. - Klikk for stort bileteEitt av språktiltaka i Øygarden er digitalt språkkurs.

Prisen vart delt ut 13. oktober.

Språkrådet skriv på nettsida at dette året har juryen lagt spesielt stor vekt på arbeidet med lesing og litteratur. I grunngjevinga skriv juryen at Volda gjer ein stor innsats for nynorsk litteratur, og dei satsar langsiktig. 

Til dømes har ungdomsskulen hatt prosjektet «Nynorsk leseperiode» gåande i snart tjue år. I kommunen er det godt samarbeid med skulebibliotek, folkebibliotek, litteraturhus, Nynorsksenteret og andre for å fremja leseglede og interesse for bøker.

Volda hadde konkurranse frå fleire sterke nynorskkommunar, og også Øygarden får heiderleg omtale av juryen.

– Øygarden kommune brukar tid og ressursar på å styrkja nynorsken, og dei strekkjer seg lengre enn det ein kan forventa av ein kommune, seier Aasgaard.

Juryleiar og avdelingsdirektør i Språkrådet, Marianne Aasgaard, seier at Volda er ein solid nynorskkommune.

– Vi ser at nynorsken er heilt innarbeidd i både kommuneadministrasjonen, næringslivet, opplæringa og kulturlivet i Volda. Nominasjonsteksten synte oss at kommunen arbeider seriøst og langsiktig, og at dei tilsette er stolte over innsatsen dei gjer.