Mykje skryt for U15 EM

Det mangla ikkje på superlativer etter europameisterskapen i badminton U15 i Sotra Arena i sist veke.
- Vi er utruleg stolte over kva vi har fått til, seier badminton-entusiast i Sotra Badminton Clup, Hans Jarle Einarsen. Også ordførar Tom Georg Indrevik er begeistra.

Frå premieutdeling - Klikk for stort bileteFrå premieutdeling


President i Badminton Europe, Sven Serré , meinte at dette var  «The Best U15 European Badminton Championship Ever»!

Einarsen er særleg stolt over dugnadsinnsatsen til alle medlemene i klubben.

- Særleg dei yngste bidrog mykje med mellom anna å vera linjedommarar, seier han.

Referee Monique Bastien og John Op Het Veld gav også mykje skryt til linjedommarane. Det var ikkje noko dei ville hatt annleis. 

Ordførar Tom Georg Indrevik gratulerer til alle som bidrog til å gjennomføra det store arrangementet.

-Ikkje minst fortener Sotra Badminton Club ei stor takk for eit svært vellukka arrangement dei har all grunn til å vera stolte av. Dette viser at også vi i Øygarden i denne idretten kan husa flotte arrangement, seier ordføraren.

Frå venstre Marius H. Johannessen, Julie Risa og Hans Jarle Einarsen - Klikk for stort bileteFrå venstre Marius H. Johannessen, Julie Risa og Hans Jarle Einarsen

Hovudsponsor for Badminton Europe, Yonex, seier at dei vil tilbake til Sotra.

- Vi har aldri fått så god hjelp av frivillige og arrangørar til å leggja banar, sa han til oss etter arrangementet, fortel Einarsen.

Event officer Birgit Bijleveld fra Badminton Europe sa ho var spesielt imponert over at det virka som alle dei frivillige visste kva dei skulle gjera. Utfordringar vart løyste med eit smil.

- President Michael Fyrie Dahl i Norges Badmintonforbund gav også ros for det han kalla eit plettfritt arrangement. Han ville gjerne gjera det igjen. Kanskje skal vi satsa på eit nytt EM i 2029 når hotellet er utvida på Straume, seier Hans Jarle Einarsen med eit smil.

Ordførar Tom Georg Indrevik var på plass på finaledagen. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik var på plass på finaledagen.

Då vi snakka med generalsekretær i Norges Badmintonforbund, Marius Johannessen på opningsdagen sa han at det vert gjort ein fantastisk innsats av mange frivillige i eit arrangement som dette.

- Her er 150 frivillige. Dugnadsinnsatsen er heilt avgjerande. Så langt har det gått svært bra. Logistikken er krevjande når vi skal syta for å få spelarar og apparatet omkring mellom flyplass, hotell og arena, sa generalsekretæren.

Fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Badminton Europe/Neri B. Shaw og Vigleik Brekke