Ønskjer betre læring, trivsel og inkludering i skulen

Ungdomsrådet hadde møte på biblioteket på Sartor senter tysdag. Innleiingsvis fekk dei orienteringar frå leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen, om aktuelle saker i kommunen. Mellom tema som vart omtala var arbeidet med arealdelen til kommuneplanen, budsjettarbeidet for 2027, U15-EM i badminton og tilsetjing av ny einingsleiar i barnevernet. 

Notater etter drøfting - Klikk for stort bileteNotater etter drøfting

Kvalitetsmelding for grunnskulen

I møtet behandla ungdomsrådet mellom anna kvalitetsmeldinga for grunnskulen i Øygarden kommune. Rådet var særleg oppteke av korleis skulen kan bidra til betre læring, trivsel og inkludering. Ungdomane peika på behovet for å styrka overgangen frå barneskule til ungdomsskule, arbeida meir målretta mot mobbing og skapa sterke klassemiljø tidleg i skuleåret. Fleire løfta også fram at skulen bør ta vare på praktiske læringsformer og bruka digitale verktøy på ein måte som støttar læringa. 

Strategi for klima og energi

Ungdomsrådet behandla også høyringsframlegget til ny strategi for klima og energi. Før saka fekk rådet ei orientering om kommunen sitt arbeid med klima, energi og beredskap. I drøftingane uttrykte ungdomsrådet støtte til mykje av arbeidet som er gjort, og peika særleg på viktigheita av gjenbruk, vedlikehald av eksisterande bygg og langsiktig planlegging for klimaendringar. 

Handlingsplan

I tillegg arbeidde ungdomsrådet vidare med sin eigen handlingsplan. Her prioriterte dei kva saker dei ønskjer å leggja mest vekt på det komande året. Skule, psykisk helse, kollektivtilbod og gode kultur- og fritidstilbod for barn og unge peika seg ut som sentrale tema. Rådet ønskjer også tettare dialog med politiske utval for å sikra at ungdom sine erfaringar og synspunkt vert tekne med i utviklinga av kommunen.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Elin Helland-Jooste