Ønskjer å fanga opp utanforskap tidleg

- Utanforskap kan føra til at ein kjem i kontakt med radikale nettverk. Det seier Annlaug Trellevik i ungdomsoppfølging rus og psykisk helse. Saman med dei andre i nettverk for førebyggjande arbeid mot radikalisering og valdeleg ekstremisme inviterer ho til fagdag den 20. oktober.

- Velkomen til fagdag, seier Annlaug Trellevik (frå venstre), Charlotte Feste og Monica Kartfjord . - Klikk for stort bilete- Velkomen til fagdag, seier Annlaug Trellevik (frå venstre), Charlotte Feste og Monica Kartfjord.

Fagdag for førebyggjande arbeid mot utanforskap og radikalisering vert arrangert på Øygarden rådhus tysdag 20. oktober kl. 08.15 – 15.15. 

Påmelding til kine.pedersen@oygarden.kommune.no. Frist for påmelding er 16. oktober.

Vi møter Charlotte Feste, Monica Kartfjord og Annlaug Trellevik som alle er med i nettverket. Fleire i nettverket har teke fagopplæring som gjer deltakarane i stand til å fanga opp og hjelpa personar som er i ein radikaliseringsprosess. Deltakarane på fagopplæringa vert mentorar, og får fordjuping i samtaleteknikk, risikovurderingsverktøy, kulturkompetanse og kultursensitive kommunikasjonsverktøy.

- Radikaliseringa fører gjerne til at dei som opplever utanforskap vert fanga inn i det «mørke nettet». Målet er å fanga dette opp tidlegare enn før og unngå radikalisering. Diverre har også rusmiljøet fanga opp fleire av dei som opplever utanforskap, seier Annlaug Trellevik.

Charlotte Feste er sosiallærar og rådgjevar på Tranevågen ungdomsskule. Ifølgje Feste er jentene mykje meir villige til å snakka om utanforskap enn gutane. Jentene set ord på kjenslene.

- Her på skulen har vi mellom anna laga sosiale tiltak som treffer gutane spesielt, der det alltid er trygge vaksne til stades. Vi treng alternativ til fysiske aktivitetar. Det er ikkje alle som likar å spela fotball, seier ho.

Øygarden kommune har utarbeidd Plan – radikalisering og valdeleg ekstremisme. Denne planen viser korleis kommunen jobbar systematisk og tverrfagleg for å førebyggja, oppdaga og følgja opp radikalisering og valdeleg ekstremisme.

På samlinga den 20. oktober skal Anniken Nedrebø Hope frå Utekontakten i Bergen ha foredrag om korleis valdeleg ekstremisme og rekruttering til negative miljø ser ut på Tik Tok. Radikaliseringskoordinator Pål Tore Haga og radikaliseringskontakt i Vest politidistrikt, Kaveh Mokri Roshanfekr skal snakka om samarbeid for å førebyggja kriminalitet og valdeleg ekstremisme som vert utført av barn og unge.

Andre tema er utanforskap, status i distriktet ved (politiet), tverretatleg samarbeid om mentoroppfølging, handlingsplan og mentornettverk.

Les plakat for fagdagen her. (PDF, 102 kB)


Tekst og foto: Vigleik Brekke