Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt om det som har skjedd i veke 40.

Glad for at fylket utsette sak om lånegaranti til Sotrasambandet

Vestland fylkesting vedtok på onsdag samrøystes å utsetja saka om auka garanti for bompengelån for riksveg 555 Sotrasambandet.
- Det er positivt at fylkestinget valde å utsetja saka for å nærare i dialog med staten, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Les meir.

Forseinka influensavaksine

Denne hausten er influensavaksinen forseinka frå Folkehelseinstituttet (FHI). Øygarden kommune får dei ordinære influensavaksinane i veke 46. Dette er fleire veker seinare enn vanleg. FHI har vurdert dette og konkludert med at det er trygt å venta med å ta vaksinen til kommunen får sine og at ein ikkje treng å gå på apoteket som startar med vaksine tidlegare.
Les meir.

- Det er godt å koma seg ut

Laurdag var det på nytt mønstring av det frivillige arbeidet i Øygarden kommune på Thon Senter Sartor. På ein av dei 28 standane møtte vi representantar frå DNT Øygarden.
- Vi samlar mellom 20 og 40 ivrige turgåarar kva onsdag, seier leiar for onsdagsgruppa Anne Liv Foldnes Bjørsvik.
Les meir.

- Det er mange måtar å vera flink på

Torsdag kveld vart prosjektveka på Sund ungdomsskule avslutta med storsamling med vel 800 personar på plass på Panorama Hotel & Resort. Rektor Anne Hufthammer var stolt over det ho fekk vera med på.
- Eg håpar elevar og tilsette er stolte over det dei har fått til, sa ho før Eline Sofie Ulvedal Page og Alexandra Therese Busomoke tok over som konferansierar for kvelden.
Les meir. 

Jobbskygging i Sverige

I mars i år reise tilsette i Marihøna barnehage og Liljevatnet barnehage på jobbskygging til Gøteborg i Sverige.
- Opphaldet i Göteborg var svært inspirerande, lærerikt og heilskapleg positivt, skriv Katja Morvik i Liljevatnet barnehage etter turen. 
Les meir.

Ny plan skal styrkja integreringa i kommunen

Planen skal gi ei felles retning for integreringsarbeidet i kommunen og gjera måla, prioriteringane og ansvaret tydelege. Planen skal gi ei felles retning for arbeidet og sikra at flyktningar og innvandrarar får god oppfølging frå dei kjem til kommunen og vidare inn i utdanning, arbeid og lokalsamfunn.
Les meir.

Meld deg som bøsseberar!

Sundag 18. oktober går TV-aksjonen 2026 av stabelen. Ordførar Tom Georg Indrevik oppmodar oss om å vera bøsseberar under aksjonen.
-Sundag 18. oktober kan du gå den viktigaste sundagsturen. Eg håpar du er med som bøsseberar under TV-aksjonen, seier ordføraren.
Les meir.

Lesereisa skapte leseglede og fellesskap på Kolltveit skule

I perioden 21. september til 2. oktober har elevane ved Kolltveit skule delteke i prosjektet «Lesereisa ved Kolltveit skule». Gjennom to veker har lesing stått i sentrum for skulekvardagen, med mål om å styrkja leseglede, fellesskap og elevane si språklege utvikling.
Les meir.

Prisdryss til dansegrupper frå Øygarden

Dei to dansegruppene Vågått og SAAS Dancing Crew frå Øygarden vann begge prisar på dansekampen. Dette er ein uhøgtidleg konkurranse mellom dansegrupper frå fleire kommunar i Vestland fylke og er ein del av Veivaldagane.
Les meir.

Haustferietilbod for barn og unge

Her finn du oversikt over ulike haustferieaktivitetar for barn og unge i Øygarden. Ferietilbod i samarbeid med lokale aktørar. Informasjon om påmelding og pris finn du under kvar aktivitet. Det er førstemann-til-mølla prinsippet som gjeld.
Les meir.

Bli med på Sykle til jobben i oktober!

Ein aktiv kvardag treng ikkje vera komplisert. Frå 1. til 31. oktober kan du delta gratis i Sykle til jobben. All fysisk aktivitet tel, enten du går tur, trenar, syklar eller arbeider i hagen.
Les meir.

Barneverntenesta søkjer hybel med vertsfamilie

Barneverntenesta i Øygarden kommune søkjer hyblar for ungdommar som er på veg inn i ein meir sjølvstendig kvardag, men som framleis har behov for ein trygg vaksen i nærleiken.
Les meir. 

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (40)

  • 28.09.:  Interne møte
                 Koordineringsutval
  • 29.09.:  Plastryddeaksjon
                 Formøte administrasjonsutval
  • 30.09.:  Eldredagen
  • 01.-02.10:  Ferie

Ordførar Tom Georg Indrevik neste veke (41)

  • 05.10.:  Interne møte
                 Møte med Sotra arabiske forening 
  • 06.10.:  Interne møte
  • 07.10.:  Opning av EM i Sotra Arena
  • 09.10.: Mottaking EM
  • 11.10.:  Brussel