Frå eitt av mange innslag på Panorama torsdag kveldOrdføraren, skulesjefen, føresette og alle dei andre frammøtte gjestene fekk ei framsyning som viste eit stort mangfald og at elevane i prosjektveka fekk utfalda seg i ei lang rekkje aktivitetar. Det handla om song og musikk, dans, drama, framføring av eksperiment, videoar frå aktivitetane for å nemna noko av det mangfaldige programmet.
- Vi gler oss til å visa fram det vi har jobba med i prosjektveka, og så håpar vi at det som skal skje på scena vil gje publikum eit lite glimt av alt det gøyale vi har halde på med denne veka, sa den eine konferansieren, Eline.
Ein viktig medspelar i bandet for kvelden «Naustarock» var Halvard Kallestad. Solist var Maia-Elise Tansøy Austevoll.
ForskarfabrikkenBegeistra ordførar
Det som vart framført scena, skjedde med glød. Ordførar Tom Georg Indrevik var begeistra.
- Dette viser kva som bur i alle. Alle bidrar. Når eg såg på det som vart vist her i dag, må eg likevel seia at mykje av dette må de ikkje gjera heime, minna han om med eit smil.
Han viste til at i fjor snakka han om at vi skulle seia takk til kvarandre.
- I år ønskjer eg at vi seier «hei» til kvarandre og at vi seier dette til ukjende menneske, sa ordføraren.
Ordførar Tom Georg IndrevikRektor Anne Hufthammer sa at også dei vaksne på skulen har fått brukt interessene sine spesielt denne veka og at ein har blitt meir kjende med kvarandre. Ho minna om at det er mange måtar å vera flink på.
- Vi kan ikkje vera best i alt, men vi kan vera god i noko, sa ein stolt rektor.
Vi møtte ei av gruppene som hadde utstilling denne kvelden. Desse elevane hadde hekla og laga til postkort som var lagt fram for sal.
Dei stadfesta det rektor sa om at elevane og lærarane har blitt meir kjende med kvarandre.
- Det har vore ei veldig kjekk veke, og vi har blitt kjende med mange nye folk. Eg har vore med og laga postkort. Eg synest det er spennande så sjå ting frå gamle dagar og få det fram på korta. Vi var også på tur til Bergen og tok bilete som skulle brukast på korta, seier Anna Knapskog (8B3).
- Ja, vi har tatt bilete rundt om i Bergen då vi var der ein av dagane. Vi har brukt eit spesielt program (Canva) når vi har produsert korta, seier Mia Henriksen Berthelsen (10C).
Frå venstre; Synnøve Sofie Espeseth, Anna Knapskog, Mia Henriksen Berthelsen, William Hammer Feng og Cornelie Fosse.Cornelie Fosse (8A2) og William Hammer Feng (10C) har hekla.
- Det har vore avslappande å hekla med fri hand, seier Cornelie.
- Dette hadde eg verkeleg lyst til. Eg er glad for å ha blitt kjend med nye elevar denne veka, seier William.
Prosjektveke
Dagane før den store dagen med framsyning av prosjektet «Stolt ung stril – med glød» var annleis, og timeplanen var lagt vekk. Elevane fekk utfalda seg, dyrka fellesskapet og verta kjende med nye elevar. Dei arbeidde med ei rekkje prosjekt, oppgåver og var med på ei rekkje aktivitetar fram til den store kvelden på Panorama.
- Dette året var målet at alle elevane skulle få minst eín dag utanfor skulebygget og opna dørene endå meir mot verda rundt, sa rektor Anne Hufthammer.
Elevane fekk setja opp prioriterte ønske om kva aktivitetsgruppe dei skulle vera med i. Dette er den sjuande prosjektveka på Sund ungdomsskule. Visjonen til Sund ungdomsskule er «Med røter i fjæra og retning mot framtida».
Her er fleire bilete:
Tekst og bilete: Vigleik Brekke