Bli med på Sykle til jobben i oktober!

Ein aktiv kvardag treng ikkje vera komplisert. Frå 1. til 31. oktober kan du delta gratis i Sykle til jobben. All fysisk aktivitet tel, enten du går tur, trenar, syklar eller arbeider i hagen.

Ill. Bedriftsidretten - Klikk for stort bileteIll. Bedriftsidretten

Sjølv om kampanjen heiter Sykle til jobben, tel all fysisk aktivitet. Du kan gå tur, sykla, trena, spela fotball, arbeida i hagen eller ta ein tur på fjellet. Målet er å inspirera til meir aktivitet og skapa gode opplevingar i kvardagen.

Det er gratis å delta for alle innbyggjarar i Øygarden kommune. Du kan vera med åleine eller saman med familie, vener, kollegaer eller andre på lag.

Slik melder du deg på:

Registrer aktivitet på nettsida

  1. Gå inn på www.sykletiljobben.no.
  2. Klikk på «Meld deg på» og følg registreringsstega.
  3. Vel om du vil delta individuelt eller gjennom bedrift.
  4. Ved bedriftsdeltaking: Vel eller opprett Øygarden kommune som bedrift.
  5. Registrer Øygarden som kommune slik at aktiviteten vert registrert på kommunen vår.
  6. Vel om du vil delta på lag eller åleine.

Registerer aktivitet i appen

Det er også mogleg å lasta ned appen Bedriftsidretten og loggføra all aktivitet der.

Last ned appen i Google Play | Last ned appen i App Store

Kampanjen handlar ikkje om å prestera mest mogleg. Det viktigaste er å finna aktivitetar du trivst med, få meir energi i kvardagen og oppleva rørsleglede saman med andre.

Velkomen til ein aktiv oktober!