- Det er godt å koma seg ut

På laurdag var det på nytt mønstring av det frivillige arbeidet i Øygarden kommune på Thon Senter Sartor. På ein av dei 28 standane møtte vi representantar frå DNT Øygarden.
- Vi samlar mellom 20 og 40 ivrige turgåarar kva onsdag, seier leiar for onsdagsgruppa Anne Liv Foldnes Bjørsvik.

Anne Liv Foldnes Bjørsvik vil ha fleire ut på tur - Klikk for stort bileteAnne Liv Foldnes Bjørsvik vil ha fleire ut på tur.

Det frivillige arbeidet i Øygarden er mangfaldig. Det var ordførar Tom Georg Indrevik som offisielt opna frivilligdagen.

- Gå rundt på standane og bli kjend med det frivillige tilbodet i kommunen. Då vil du sjå at det er behov for mange vaksne som kan hjelpa til. Det er kjekt å samla så mykje av det frivillige arbeidet på denne måten. Eg takkar alle som bidreg på denne dagen, sa ordføraren.

Catchy dansestudio - Klikk for stort bileteCatchy Dansestudio

Frå scena var det underhaldning ved Catchy dansestudio, Alde Davidsen, juniorkoret i Sotra kulturskulekor og Knarrevik Munnspillkorps.

Alde Davidsen saman med juniorkoret i Øygarden kulturskulekor. - Klikk for stort bileteAlde Davidsen saman med juniorkoret i Øygarden kulturskulekor.

Øygarden kommune gjennomfører frivilligdagen i samarbeid med Øygarden musikk- og kulturråd.

Anne Liv Foldnes Bjørsvik seier at dei har turar rundt om i heile kommunen i tillegg til nokre turar på austsida av Sotrabrua.

- Du treng ikkje vera medlem for å vera med på dette. Vanlegvis er det oppmøte på den nedre parkeringsplassen ved Fjell kyrkje. Nokre gonger er det av praktiske årsaker oppmøte andre stader. På nettsida vår finn du informasjon både om onsdagsgruppa og til dømes tysdagsgruppa (tidlegare Sund turlag), seier ho.

Ordførar Tom Georg Indrevik opna frivilligdagen - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik opna frivilligdagen


Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Vigleik Brekke