Prisdryss til dansegrupper frå Øygarden

Dei to dansegruppene Vågått og SAAS Dancing Crew frå Øygarden vann begge prisar på dansekampen. Dette er ein uhøgtidleg konkurranse mellom dansegrupper frå fleire kommunar i Vestland fylke og er ein del av Veivaldagane. 

Frå veivaldagane 2026 - Klikk for stort bileteFrå Veivaldagane 2026

Dette er tredje året Øygarden kommune deltek. To dansegrupper frå Øygarden deltok i dansekampen. Til saman deltok åtte dansegrupper i dansekampen.

Den eine gruppa er Vågått som vann prisen for «Årets positive energi». Gruppa er samansett av fem dansarar: éin bebuar frå Vågaleitet, tre bebuarar frå Åttringen omsorgsbustader og éin bebuar frå Blombakkane bufellesskap. I tillegg deltok ein tilsett som laga koreografien. Gruppa øvde måndag ettermiddag i fem veker.

Den andre gruppa, SAAS Dancing Crew, vann prisen «Årets kostyme». Dette er 25 dansarar frå Straume arbeids- og aktivitetssenter. Dei har hatt om lag to danseøvingar i veka sidan sommarferien.

Dommarane i år var Trude Drevland, Eli Kari Gjengedal og Davy Wathne.

Frå veivaldagane 2026 - Klikk for stort bilete

SAAS Dancing Crew hadde like klede med svarte bukser, kvite overdelar og raude tørkle som lyste opp då dansarane kom inn på parketten. Dei dansa til «Sikte på livet», songen til Synne Lykkeslett frå Team Pølsa. Publikum gav tilbakemelding om at framføringa var ei rørande oppleving.

Vågått hadde meir fokus på humor og underhaldning med dans til «Hakuna Matata» frå Løvenes konge. Dei hadde fargerike klede og matchande hattar.

Det var tydeleg at alle dansegruppene hadde stor danseglede.

Les meir om Veivaldagane her.

Her er fleire bilete:

Frå Veivaldagane 2026 - Klikk for stort bilete
Frå Veivaldagane 2026 - Klikk for stort bilete
Frå Veivaldagane 2026 - Klikk for stort bilete
Frå Veivaldagane 2026 - Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Anette Havre Økland