Ny plan skal styrkja integreringa i kommunen
Planen skal gi ei felles retning for integreringsarbeidet i kommunen og gjera måla, prioriteringane og ansvaret tydelege. Planen skal gi ei felles retning for arbeidet og sikra at flyktningar og innvandrarar får god oppfølging frå dei kjem til kommunen og vidare inn i utdanning, arbeid og lokalsamfunn.

Eit viktig utgangspunkt for planen er at integrering er eit felles kommunalt ansvar.
Integreringsavdelinga har eit særleg ansvar for koordinering og oppfølging, men gode og samanhengande løp for den enkelte krev samarbeid på tvers av tenester og sektorar.
Planen peikar også på behovet for å knyta språkopplæring og kvalifisering tettare til arbeidslivet og utdanning, og bruka kommunen meir aktivt som arena for språk, praksis og kvalifisering.
Det blir også lagt vekt på å styrkja den bustadsosiale oppfølginga og leggja betre til rette for at flyktningar og familiane deira får tilknyting til lokalsamfunnet.
Visjon og hovudmål for planen:
«Øygarden kommune skal følgja flyktningane og familiane deira gjennom heile integreringsreisa – frå vi får oppmoding om busetjing, til dei er komne i arbeid og/eller utdanning og står trygt på eigne bein.»
Her kan du lesa planen (PDF, 2 MB)
Publisert 29.09.2026 13.30