Forseinka influensavaksine

Denne hausten er influensavaksinen forseinka frå Folkehelseinstituttet (FHI). Øygarden kommune får dei ordinære influensavaksinane i veke 46. 

Ill. Pasient får på plaster etter å ha tatt vaksine (Mostphotos) - Klikk for stort bilete Mostphotos

Dette er fleire veker seinare enn vanleg. FHI har vurdert dette og konkludert med at det er trygt å venta med å ta vaksinen til kommunen får sine og at ein ikkje treng å gå på apoteket som startar med vaksine tidlegare. 

Vurderingane til FHI er basert på at smitten med influensa ikkje brukar å koma før nærare jul, med ein topp i januar. 

- Du har difor god margin på å få vern frå influensavaksinen i tide før smitten kjem om du tek han i november eller i første del av desember. Sidan vaksinen gjev best vern dei første månadane etter han er sett, kan ein risikera at vernet har blitt dårlegare om ein tek vaksinane tidleg i oktober og smittestoppen kjem seint i januar, seier smittevernoverlege og assisterande kommuneoverlege, Bjørg Møllerløkken.

Les meir om vaksinasjonsprogrammet for vaksne her.