Hausten 2026 er influensavaksinen forseinka frå FHI, og kommunen får ikkje dei ordinære influensavaksinane før i veke 46. Dette er fleire veker seinare enn vanleg, men FHI har gjort vurderingar knytt til at det er trygt å venta med å ta vaksinen til kommunen får sine, og at ein ikkje treng å gå på apoteket som startar før. Dette er basert på at smitten med influensa ikkje brukar å koma før nærare jul, med ein topp i januar. De kan lesa meir om dette her: Influensavaksinen til vaksinasjonsprogrammet er forseinka - FHI.

Ein har difor god margin på å få vern frå influensavaksinen i tide før smitten kjem om ein tek den i november eller i første del av desember. Sidan vaksinen gir best vern dei første månadane etter den er sett kan ein risikera at vernet har blitt dårlegare om smittestoppen kjem seint i januar dersom ein har teke vaksinen tidleg i oktober.
Smittesituasjonen vert overvaka tett. Skulle smittesituasjonen tilseia at smitten kjem tidlegare enn normalt, vil vi i kommunen varsla dette slik at de som innbyggjarar då sjølv kan velja om de vil ta vaksinen på apotek framfor i kommunen sin regi. Pris på vaksinen på apotek er høgre enn pris på vaksinen hos fastlegen.
Det kan for nokre vera rett å ta vaksinen på apotek og ikkje venta til kommunen får sine, til dømes om ein skal på ei lengre reise eller starta med immundempande behandling.
Den forsterka influensavaksinen til eldre på institusjon, omsorgsbustad eller med tett oppfølging frå heimesjukepleia er ikkje forseinka. Det same gjeld nasespray vaksinen til barn. Desse vaksinane vert levert til kommunen i veke 40/41. Vaksinasjon av desse gruppene kan difor starta no i oktober. Dette gjeld også pneumokokkvaksinen og koronavaksinen.
Barn i risikogrupper kan få influensavaksinen gratis på helsestasjonen.
Ulike vaksiner
Følgjande personar tilrådast influensavaksine før haust- vintersesongen 2026/2027:
- Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
- Alle frå fylte 65 år
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1.trimester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
- For tidleg fødde born, særskilt barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år
- Barn og vaksne med:
- Kronisk lungesjukdom med nedsett lungefunksjon, og astma
- Kronisk hjarte-/karsjukdom, men unntak av velregulert høgt blodtrykk
- Diabetes
- Kronisk alvorleg leversjukdom
- Kronisk alvorleg nyresjukdom
- Kronisk alvorleg nevrologisk sjukdom, særskilt til personar med nedsett funksjonsnivå, lungekapasitet og/eller hostekraft, til dømes ved multippel sklerose, cerebral parese, Parkinsons sjukdom eller ALS
- Nedsett immunforsvar grunna sjukdom og/eller immundempande behandling, ved til dømes organtransplantasjon, kreft, autoimmune sjukdomar
- Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgre
- Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko etter individuell vurdering av lege, som personar med medfødde kromosomavvik (til dømes Downs syndrom) og genetiske syndom
- Andre
Det er også grupper utanfor programmet som er tilrådd influensavaksine, som helsepersonell med direkte pasientkontakt, svinerøktarar, saneringspersonale eller andre som arbeider med influensasjuk tamfugl, og personar som bur med eller er tilsvarande nære immunsupprimerte. Desse gruppene får tilbod gjennom arbeidsgjevar, eller må sjølv oppsøke apotek og ta vaksine der.
Ein kan lese meir om influensavaksine her: Influensavaksine - handbok for befolkninga - FHI
Følgjande personar tilrådast koronavaksine før haust- vintersesongen 2026/2027:
- Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
- Aldersgruppa 75 år og eldre
- Aldersgruppa 18-74 år som inngår i ei risikogruppe*
- Aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom*
- Aldersgruppa 6 månader – 11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering*
Personar i alderen 65-74 år som ikkje høyrer til ei risikogruppe kan få vaksine gjennom vaksenvaksinasjonsprogrammet dersom dei ynskjer dette, sjølv om denne gruppa ikkje er inkludert i FHI si tilråding.
Merk at friske gravide ikkje lenger er tilrådd koronavaksine.
Har du barn som treng koronavaksine må du varsle fastlegen om dette, desse vaksinane vert bestilt inn etter behov til kommunen.
Sjå her for definisjon på kva for risikogrupper og grunnsjukdom det er snakk om: Koronavaksine – handbok for befolkninga - FHI
Denne tilrådast til alle over 65 år, eller personar med risiko for alvorleg sjukdom. Sjå full liste i lenkja under. Gjennom vaksenvaksinasjonsprogrammet får ein vaksinen til sterkt redusert pris.
Frå og med 2026 har alle som fyller 65 år ila året (fødde i 1961) tilbod om vaksinen gjennom vaksenvaksinasjonsprogrammet. Vaksinen som nyttast i programmet kallast Prevenar20 og gir livslangt vern. Innbyggjarar som er fødd før 1960 fell utanfor programmet og må ordne med pneumokokkvaksine på eige initiativ. Frå 2027 vil det vere dei som er fødde i 1962 som får tilbodet, dei som er fødde i 1960 og 1961 beheld retten til vaksine gjennom programmet vidare.
Ein kan lese meir om pneumokokkvaksine her: Pneumokokkvaksine – handbok for befolkninga - FHI
Vaksine mot influensa, korona og lungebetennelse kan setjast samstundes. Einaste unntaket er innbyggjarar som skal ha forsterka influensavaksine. Denne tilbydast til personar over 50 år som bur på sjukeheim, i omsorgsbustad/forsterka butilbod eller har omfattande behov for helserelatert hjelp frå heimesjukepleia. For personar som skal ha forsterka influensavaksine må det gå minst 7 dagar mellom denne og koronavaksinen.
Kvar kan eg ta vaksine?
- Alle fastlegekontora i kommunen tilbyr alle tre vaksiner.
- Fem av apoteka i kommunen tilbyr koronavaksine i avtale med kommunen, dette gjeld:
- Vitusapotek Thon Senter Sartor
- Boots apotek Thon Senter Sartor (ved Bunnpris)
- Ditt apotek i Sund
- Apotek1 Sund Senter
- Vitusapotek Øygarden
Når kan eg vaksinera meg?
Influensavaksinar vert levert i veke 46 til kommunen, men vi har ikkje fått eksakt dato. Dei ulike legekontora vil starta vaksinasjon etter dette. Koronavaksinen og lungebetennelse vaksinen vert levert heilt i slutten av veke 40.
Apoteka får koronavaksinen frå slutten av veke 40. På apotek vil ein også kunne ta influensavaksine, men ikkje i regi av kommunen, pris på influensavaksine på apotek er tradisjonelt noko høgre enn pris hos fastlegen som vaksinerer for kommunen. Ein vil heller ikkje kunne få redusert eigenandel for samvaksinering på apotek slik ein kan få hos fastlegen.
Pris
Gjeld fram til 31.12.2026.
*Samvaksinasjon viser til når ein tek fleire enn ei vaksine om gongen, til dømes influensa + koronavaksine, eller andre kombinasjonar av dei tre ulike vaksinane.