Elevane på Kolltveit skule har lest ekstra mykje dei siste to vekene.Prosjektet starta med ei felles kick-off-samling i gymsalen, der heile skulen var samla for å markera starten på Lesereisa. Gjennom prosjektperioden har elevane arbeidd med lesing på mange ulike måtar. Klassane har hatt daglege leseøkter, høgtlesing, litteratursamtalar og aktivitetar knytte til bøker og forteljingar. Mange elevar har òg fått oppleva gleda ved fadderlesing, der eldre og yngre elevar har lese saman og delt gode leseopplevingar.
Lesereisa byggjer på Kolltveit skule sin leseplan og på tanken om at lesing er eit felles ansvar gjennom heile skuleløpet. Når elevar les saman, snakkar om bøker og møter litteratur på ulike måtar, utviklar dei ikkje berre leseferdigheiter, men også empati, fantasi, språk og gode relasjonar.

Gjennom prosjektet har vi sett stort engasjement blant elevane. Klasserom og fellesareal har vore prega av bøker, lesetips, elevprodukt og samtalar om litteratur. Mange elevar har oppdaga nye bøker og sjangrar, medan andre har fått fornya leselysta gjennom fellesskapet rundt lesinga.
Vi ønskjer også å takka føresette for støtta undervegs. Heimen spelar ei avgjerande rolle i utviklinga av gode lesevanar. Når vaksne viser interesse for det barna les, les saman med dei og legg til rette for lesing heime, skaper vi saman eit godt grunnlag for vidare læring og utvikling.
Lesereisa blir avslutta med felles haustlunsj på fredag, men arbeidet med leseglede og gode lesevanar held fram.
Vi les saman på Kolltveit skule!
Her er fleire bilete:
Tekst: Odd Erik Kjeldstad, rektor
Bilete: Toril Herdlevær Kvalheim, spes. ped. koordinator