I mars i år reise tilsette i Marihøna barnehage og Liljevatnet barnehage på jobbskygging til Gøteborg i Sverige.
- Opphaldet i Göteborg var svært inspirerande, lærerikt og heilskapleg positivt, skriv Katja Morvik i Liljevatnet barnehage etter turen.
Frå turen til Gøteborg i mars
Katja Morvik
No kan du lesa om denne og mange andre turar skule og barnehage har gjennomført gjennom Erasmus+-programmet til Danmark, Spania, Italia, Frankrike og Sverige på ei eiga side på nettsida til Øygarden kommune.
Les meir om denne og dei andre reiseskildringane i barnehage og skule.
Gruppa reiste til Gøteborg i midten av mars. Formålet med reisa var jobbskygging i ein barnehage i Gøteborg.
- Eg forventa å koma til ein barnehage drifta og organisert ganske likt min eigen barnehage i Øygarden. Eg håpte på ny inspirasjon i møtet med kollegaer i Sverige og kanskje nokre idéar som eg kunne ta med tilbake for å justera eigen praksis som pedagog, skriv Matja Morvik i reiseskildringa.
Ho skriv at mobiliteten innfridde forventingane på alle område og gav både fagleg påfyll, nye perspektiv og verdifulle refleksjonar rundt eigen praksis.
- Det som gjorde sterkast inntrykk, var møtet med varme, opne og svært engasjerte fagpersonar som tydeleg brenner for arbeidet sitt, skriv Katja Morvik.
Publisert 29.09.2026 13.40