Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt om det som har skjedd i veke 16.

Krev reforhandling om byvekstavtale straks    

Bodskapen frå Bergen og nabokommunane var tydeleg på møtet i politisk styringsgruppe i Miljøløftet i Øygarden på tysdag.
- Miljøløftet har vore ein suksess, men ny byvekstavtale må reforhandlast samstundes med dei andre byregionane, sa ordførar Tom Georg Indrevik.
Leds meir.

- Dette skal vi klara

På møtet i eldrerådet på torsdag vart Elna Nybakk vald som ny leiar etter Egil Haaland. 
- Vi skal følgja opp det gode arbeidet eldrerådet allereie er  i gang med, seier den nye leiaren. Berit Anita Knudtsen Larsen held fram som nestleiar i rådet.
Les meir. 

Gav Miljøfyrtårn til produsentar av vindauge

Torsdag denne veka overrekte ordførar Tom Georg Indrevik Miljøfyrtårn til Johnsen Glass og Hole Glass. Desse to familiebedriftene samarbeider tett og er lokalisert i industriområdet på Straume.
- Vi må leggja fram mykje dokumentasjon før vi kan få denne dokumentasjonen, seier Ola Liøkel som følgjer opp miljøsertifiseringa.
Les meir.

Vil prioritera førebygging og tidleg innsats

Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) ber kommunedirektøren om å leggja vekt på folkehelseutfordringar, førebygging og tidleg innsats i arbeidet med budsjett- og økonomiplanen. Utvalet uttalte dette ved behandlinga av saka om folkehelse- og oppvekstprofilar2026.
Les meir. 

Følgjer opp forvaltningsplan om beredskap

Kontrollutvalet ber kommunedirektøren å gjennomføra fleire tiltak etter forvaltningsrevisjonsrapport om samfunnstryggleik og beredskap. Utvalet var samla til møte på onsdag.
Les meir. 

Startar kabelinstallasjon i Øygardskabel-prosjektet

Statnett startar arbeidet med transport og installasjon av kablar i Øygardskabel-prosjektet natt til 15. april. Kablane er produserte og leverte av Iljin Electric Ltd. For å gjennomføra transport og utlegging av kablane på en trygg måte, vil delar av arbeidet skje om natta.
Les meir. 

Samarbeider om kva pårørande kan gjera for eldreomsorga

Eldrerådet i Øygarden kommune har innleia eit nytt og spennande samarbeid med Senter for tverrprofesjonell samarbeidsopplæring (TVEPS). Eldrerådet ønskjer eit breitt og tverrprofesjonelt djupdykk på kva rolle frivillige og pårørande kan ta i eldreomsorga.
Les meir. 

Delte ut 127 tusen kroner til ungdomstiltak

På møtet i ungdomsrådet på tysdag fordelte ungdomsrådet 127 tusen kroner til ni tiltak retta mot ungdom. Det kom inn 20 søknader for totalt 363 tusen fem hundre kroner.
Les meir. 

Bli med i folkehelseundersøkinga i Vestland 

Den 16. april 2026 vert mange innbyggjarar i Vestland inviterte til å delta i Folkehelseundersøkinga i Vestland. For kommunane i Vestland er resultata frå folkehelseundersøkinga eit viktig verktøy i arbeidet med å skapa betre lokalsamfunn.
Les meir. 

Møteplass av og for ungdom på Straume

Ungdom i Straumeområdet saknar fleire gode møteplassar! Ungdomsrådet i Øygarden inviterer unge, engasjerte vaksne, organisasjonar og næringsliv til idédugnad og arbeidsverkstad. Møt opp på innbyggartorget og biblioteket på Straume tysdag 21. april kl. 16.00.
Les meir. 

Kulturskulefestivalen nærmar seg slutten!

Hugs opning av kunstutstilling på Sartor, konsert på Rong og musikalkonsert i Øygarden rådhus.
Les meir. 

Kulturminneregistrering i Øygarden kommune

Øygarden kommune lagar ny kulturmiljøplan. I den samanheng skal Asplan Viak registrera bygningar og miljø som kan vera verneverdige. Registreringa skjer frå 21. til 24. april 2026, først og fremst i tidlegare Fjell og Sund.
Les meir. 

Hugs det generelle bålforbodet frå 15. april

Frå og med 15. april trer det generelle bålforbodet i kraft. Øygarden brann og redning minner om å visa stor aktsemd og ta ansvar for å førebyggja brann i naturen.
Les meir. 

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (16)

  • 13.04.:  Interne møter
                 Møte med ØyVAR
                 Møte med Losna Seafood
  • 14.04.:  Møte med Safe Choice

                      Politisk styringsgruppe Miljøløftet
                      Gjennomgang av program for minnemarkering 29. april 

  • 15.04.:  Møte med Bergen kommune
                 Sjømat-treff
                 Møte om arealdelen til kommuneplanen
  • 16.04.:   Møte med Norske petroleumskommunar, NPK
                  Overrekking av Miljøfyrtårn
                  Eigarmøte i Bergen Havn
                  Besøk Hellesøyna
  • 17.04.:    Besøk barnehage Valen

                       Møte om båtruta til Geitanger
                       Ope seminar, Fjell-ly

  • 18.04.:   Opning frivilligdag
                  Tale og møte med nye innflyttarar

Ordføraren neste veke (17)

  • 20.04.:  One Ocean, Håkonshallen

                      PWC. leiarsamling

  • 21.04.:  North Sea-kommisjon arr.

                       Ungdomsarrangement Straume

  • 22.04.:  Innlegg Northern Light

                      Opning, Franzefoss
                      Nabokontaktmøte Equinor

  • 23.04.:  Øving kommunal kriseleiing
                 Kontortid Rong Senter

                      Besøk Midtre Sotra Skolekorps

  • 24.04.:  Paneldebatt om Norsjøen som driftkraft

                      Miljøløftet

  • 25.04.:  BMC for kreftsaka