Frå møtet 14. april. Til venstre nestleiar Rebekka Kvaal og til høgre leiar Alva Betine Kilvik.Ungdomsrådet slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren. Dei som får støtte er:
- Mental helse Ungdom Sotra Auka aktivitetstilbod 20 000
- Sotra Mållag Oppstart ungdomsmållag i Øygarden 5 000
- Sotra Sportsklubb Sos. møtepl. for unge handballtrenarar 20 000
- Fjell Kystlag Formidling av kystkultur til ungdom 14 500
- Øygarden Sportskyttarlag Sesongkickoff ungdom 10 000
- Den Sotra arabiske kulturelle foreining Leiar- og akt.program for ungd. 20 000
- Tjeldstø grendalag Ungdomsklubb på grendahuset 15 000
- Bergen Vest Svømmeklubb Sosiale aktivitetar ungdomsgruppe Ågotnes 5 000
- INRI-kyrkja Refuel-weekend ungdomsarrangement 17 500
Tilstandsrapport barnevernstenesta
Ungdomsrådet drøfta rapporten om barnevernstenesta for 2025. Det vert i saka vist til at tilsyn frå Statsforvaltaren viste alvorleg svikt, mellom anna knytt til meldingar, undersøkingar, tiltak og oppfølging av barna. Barnevernstenesta har arbeidd systematisk med forbetringar ved mellom anna å laga nye rutinar, gjort strukturelle endringar i tenesta og gjennomført internkontrollaktivitetar.
Tenesta har difor i 2025 særleg arbeidd med rekruttering av nye medarbeidarar, sett inn tiltak retta mot arbeidsmiljøet og tiltak for å letta på arbeidsbelastninga.
Leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen, deltok på møtet i ungdomsrådet. Han understreka at rådet har ei vesentleg rolle og at det er viktig å gå grundig inn i sakene. Denne saka viser at det er store utfordringar i kommunen vår.
Leiar Alva Betine Kilvik sa at det kan leggjast inn tema og tiltak i handlingsplanen til ungdomsrådet. Døme på dette er utvida opningstid for skulehelsetenesta og innbyggartorget og biblioteka. I drøftinga i rådet vart det peika på at mange slit med rus og psykisk helse. Det er behov for betre kollektivtransport og betre transportordningar. Det er også nødvendig å gje kunnskap om kva som kan definerast som vald i heimen.
Desse momenta vert gitt som innspel til vidare politisk behandling av rapporten og lagde inn handlingsplanen. Saka vart elles teken til orientering.
Tilrår forskrift til skulefritidsordning (SFO)
Ungdomsrådet tilrår framlegg til forskrift for skulefritidsordninga for dei kommunale skulane i Øygarden.
Denne saka er behandla tidlegare der ulike alternativ vart vurderte. På grunnlag av vedtak i kommunestyret skal det no vedtakast forskrift.
Endringane med alternativ inneber mellom anna at ein skal halda fram med dagens løysing med SFO-tilbod i 10 månader og at SFO følgjer skuleruta. Opningstida vert som i dag, mellom klokka 07.00 – 16.30. Talet på skular som har tilbod om SFO i skuleferiane vert auka frå seks til ni skular. Opningstida i ferien vert mellom klokka 07.30 og 16.00.
Saka vert avgjort av kommunestyret.
Strategiplan for klima og energi
Det vart gjeve informasjon om strategiplan for klima og energi 2026-2030. Planen skal ut på høyring i september og vert venteleg vedteken av kommunestyret i desember. Under presentasjonen vart det vist kva sektor i Øygardssamfunnet som har størst utslepp og kva sektor som har redusert utsleppa sine.
Under drøftinga vart det mellom anna stilt spørsmål om sal av rådhuset, flytting av tilsette og politiske møte påverka klimarekneskapen, og i så fall kva kan gjerast. Ifølgje administrasjonen skal talet på bygg og anlegg reduserast. Totalt vil dette slå positivt ut på klimarekneskapen. Det var også spørsmål om bruk av solcellepanel.
Rådet vart oppmoda om å sjå på kartforteljingar og oppdatera seg med ny kunnskap om planen.
Saka vart teken til orientering.
Folkehelseprofil
Kommunedirektøren legg fram årleg folkehelse- og oppvekstprofilar for kommunen. Oppsummert skårar Øygarden jamt over godt på fleire sentrale levekårsindikatorar, mellom anna knytt til inntekt, bustadforhold og overordna levekår.
Samstundes teiknar det seg, når folkehelse‑ og oppvekstprofilane vert lesne over tid, eit bilete av nokre vedvarande og samansette utfordringar innan læring, gjennomføring, psykisk helse og deltaking. Generelt er det ein samanheng mellom utdanningsnivå til foreldra og kva utfordringar barna har i barnehage og skule.
I drøftinga i ungdomsrådet vart det peika på ei rekkje moglege tiltak som kan bidra til betre folkehelse. Desse momenta vert gitt som innspel til vidare politisk behandling og lagde inn i handlingsplanen til ungdomsrådet.
Tiltak som vart trekte fram var skulehelseteneste, møteplassar for ungdom (mellom anna i kommunedelsentera), opningstider for innbyggartorg og bibliotek, betre kollektivtrafikk, betre gjennomføring av utdanningsfagtimane, læring gjennom lek, informasjonstiltak om Basecamp, utekontaktar/natteravnar og tilpassa hjelp.
Ungdomsrådet tok saka til orientering.
Invitasjon til internasjonalt ungdomsprosjekt
Ungdomsrådet er via Youth Entrepreneurship 2026 invitert til eit internasjonalt ungdomsprosjekt i Litauen 20. til 27. juni. Målet er å læra nye ting, bli kjend med ungdom frå andre land og få inspirasjon til framtida. Inntil seks medlemer i ungdomsrådet kan delta på konferansen som vert halden på ein internatskule.
Møteplass av og for ungdom
Tysdag 21. april klokka 16.00 – 18.00 inviterer ungdomsrådet unge, engasjerte vaksne, organisasjonar og næringsliv til idédugnad og arbeidsverkstad. Målet er å samla kreftene i lokalsamfunnet for å skapa nye, attraktive møteplassar der ungdom kan møtast, bidra og vera aktive på eigne premissar.
Arrangementet vert på innbyggartorget og biblioteket på Thon Senter Sartor.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke