Kulturminneregistrering i Øygarden kommune
Øygarden kommune lagar ny kulturmiljøplan. I den samanheng skal Asplan Viak registrera bygningar og miljø som kan vera verneverdige. Registreringa skjer frå 21. til 24. april 2026, først og fremst i tidlegare Fjell og Sund.
Naustmiljø i TelavågDet blir hovudsakleg sett på bygningar og miljø frå før 1940, som ikkje tidlegare er registrerte i SEFRAK*. Målet er å få betre oversikt over den eldste bygningsarven i kommunen.
Slik blir registreringa gjennomført
- Fagpersonar frå Asplan Viak besøker utvalde eigedomar og område.
- Registreringa skjer frå utsida og er ein enkel visuell kontroll.
- Dersom det er nødvendig å gå inn på privat grunn, vil registrator ringa på og identifisera seg.
- Det blir teke 3–5 bilete av fasadane på bygningane.
- Registratorane ber gule vestar merkte med Kulturminneregistrering.
Registreringa fører ikkje til formelt vern, eller endringar når det gjeld moglegheitane for å søka om endringar, riving eller liknande tiltak. Eventuelle verneforslag vil bli vurdert i arbeidet med arealdelen til kommuneplanen og lagt ut på høyring før vedtak.
Spørsmål?
Halvor Skurtveit, Øygarden kommune, kultureininga
halvor.skurtveit@oygarden.kommune.no
Anette Hansen, Asplan Viak
anette.hansen@asplanviak.no
* SEFRAK: landsdekkande register over eldre bygningar. Gir ikkje automatisk vern eller restriksjonar.
Publisert 15.04.2026 07.00