Frå møtet i RFF på onsdag.RFF understrekar vidare at det er viktig å jobba for å auka kunnskapsnivået og kompetansenivået til innbyggjarane, til dømes ved å styrkja vaksenopplæringa. Utvalet tok elles saka til orientering.
Kommunedirektøren legg fram årleg folkehelse- og oppvekstprofilar for kommunen. Oppsummert skårar Øygarden jamt over godt på fleire sentrale levekårsindikatorar, mellom anna knytt til inntekt, bustadforhold og overordna levekår.
Samstundes teiknar det seg, når folkehelse‑ og oppvekstprofilane vert lesne over tid, eit bilete av nokre vedvarande og samansette utfordringar innan læring, gjennomføring, psykisk helse og deltaking. Generelt er det ein samanheng mellom utdanningsnivå til foreldra og kva utfordringar barna har i barnehage og skule.
Strategiplan for klima og energi
Det vart gjeve informasjon om strategiplan for klima og energi 2026-2030. Planen skal ut på høyring i september og vert venteleg vedteken av kommunestyret i desember. Under presentasjonen vart det vist kva sektor i Øygardssamfunnet som har størst utslepp og kva sektor som har redusert utsleppa sine.
Saka vart teken til orientering.
Tilrår forskrift til skulefritidsordning (SFO)
RFF tilrår framlegg til forskrift for skulefritidsordninga for dei kommunale skulane i Øygarden.
Denne saka er behandla tidlegare der ulike alternativ vart vurderte. På grunnlag av vedtak i kommunestyret skal det no vedtakast forskrift.
Endringane med alternativ inneber mellom anna at ein skal halda fram med dagens løysing med SFO-tilbod i 10 månader og at SFO følgjer skuleruta. Opningstida vert som i dag, mellom klokka 07.00 og 16.30. Talet på skular som har tilbod om SFO i skuleferiane vert auka frå seks til ni skular. Opningstida i ferien vert mellom klokka 07.30 og 16.00.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.