Plakat: Vestlands fylkeskommune
Undersøkinga blir gjennomført i samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet (FHI). Målet er å få betre kunnskap om helsetilstand, trivsel og livskvalitet hjå vaksne i fylket.
På innbyggartorga og biblioteka i Skogsskiftet, på Straume og på Rong kan du få hjelp til å logga deg på og svara på undersøkinga om ønskeleg.
Kvifor vert undersøkinga gjennomført?
Formålet med folkehelseundersøkinga er å samla inn verdifull informasjon om helsa og trivselen i befolkninga. Resultata gjev innsikt i korleis folk opplever si eiga helse, kva faktorar som påverkar livskvaliteten deira, og kva utfordringar dei møter i kvardagen. Denne informasjonen er avgjerande for å kunna utvikle målretta tiltak og styrkja folkehelsa i kommunen vår.
Ved å forstå kva helseutfordringar som er mest utbreidde, kan vi tilpassa tenestene og tiltaka våre for å møta behova til innbyggjarane på ein betre måte. Dette omfattar alt frå helsefremjande aktivitetar til førebyggjande tiltak.
Ill.foto: Morten Wanvik, Vestland fylkeskommuneKorleis vert undersøkinga gjennomført?
Undersøkinga er nettbasert og tek om lag 20 minutt å svara på. Dei som blir trekte ut, får invitasjon frå Helsenorge. Det er trygt å delta, og alle svara vert behandla konfidensielt i samsvar med gjeldande personvernreglar. Resultata vert berre publiserte på gruppenivå, slik at enkeltpersonar ikkje kan identifiserast.
Trekning av gåvekort
Vi håpar alle som får invitasjon, vil delta! Alle som svarer på undersøkinga, er med i trekkinga av ti gåvekort på 1000 kroner.
Lurer du på noko?
Har du spørsmål om undersøkinga, kan du ta kontakt med Vestland fylkeskommune: e-post: fhus@vlfk.no eller ringje: 90 14 53 55 (kl. 9.00–15.00)
Les meir om folkehelseundersøkinga her (ekstern lenkje).