Samarbeider om kva pårørande kan gjera for eldreomsorga

Eldrerådet i Øygarden kommune har innleia eit nytt og spennande samarbeid med Senter for tverrprofesjonell samarbeidsopplæring (TVEPS). Eldrerådet ønskjer eit breitt og tverrprofesjonelt djupdykk på kva rolle frivillige og pårørande kan ta i eldreomsorga.

Gruppedrøfting i eldrerådet. Frå venstre; Berit Anita Knudtsen Larsen, Elna Nybakk og Kari Johnsen. - Klikk for stort bileteGruppedrøfting i eldrerådet. Frå venstre; Berit Anita Knudtsen Larsen, Elna Nybakk og Kari Johnsen.

Det vert vidare stilt spørsmål om korleis ein kan sikra at dei frivillige og pårørande får den støtta og kompetansen dei treng for å handtera rolla. 

Samarbeidet markerer eit viktig steg i retning av å potensielt styrkja eldreomsorga i Øygarden, samstundes som studentar får praktisk erfaring med komplekse utfordringar i kommunal helse- og omsorgssektor. 

- Med dette samarbeidet får vi ikkje berre samarbeid på tvers av fag, men eit samarbeid på tvers av både fag, generasjonar og sektorar, fortel leiar av TVEPS, Ane Johannessen.

I andre praksisemne i løpet av studiane møter studentane som regel eldre som pasientar eller tenestebrukarar, men i dette nye samarbeidet med eldrerådet i Øygarden får studentane møta eldre som aktive samarbeidspartnarar og premissleverandørar. Dette gjev ny og verdifull dimensjon i læringa.

Nestleiar i eldrerådet, Berit Anita Knudtsen Larsen, seier at samarbeidet med TVEPS er nytt, lærerikt og ei spennande utfordring.

- Det var flott at vi fekk gje studentane tema om kva dei skulle koma tilbake med innspel på. Det er viktig at vi får sjå nærare på kva rolle dei frivillige og dei pårørande har i eldreomsorga, seier ho.

Lesa meir på nettsida til Universitetet i Bergen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke