Følgjer opp forvaltningsplan om beredskap

Kontrollutvalet ber kommunedirektøren å gjennomføra fleire tiltak etter forvaltningsrevisjonsrapport om samfunnstryggleik og beredskap. Utvalet var samla til møte på onsdag.

Frå møtet i kontrollutvalet 14. a - Klikk for stort bileteFrå møtet i kontrollutvalet 14. april

Formålet med revisjonen var å undersøka om kommunen har etablert tilstrekkeleg med system og rutinar for å sikra at kommunen er godt nok førebudd på å handtera uønskte hendingar og krisesituasjonar slik at desse ikkje truar vesentlege verdiar eller set livet og helsa til innbyggjarane i fare.

Revisoren peikar på at kommunen i løpet av dei siste to åra har fått på plass fleire grunnleggjande element i beredskapsarbeidet. Døme på dette er utarbeidd heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS), vedteken ny overordna beredskapsplan, utkast til krisekommunikasjonsplan, tilsett beredskapssjef og etablert beredskapsråd og beredskapsvakt. 

Representanten frå revisoren (Deloitte) sa på møtet at det har vore arbeidd godt med beredskap i Øygarden dei siste åra.

Undersøkinga frå revisor viser samstundes at kommunen ikkje fullt ut oppfyller krava i sivilbeskyttelseslova og forskrift om kommunal beredskapsplikt.

Utvalet tok forvaltningsrevisjonen til etterretning og slutta seg til 11 tiltakspunkt frå rapportskrivar Deloitte AS. Her kan du lesa alle tiltaka. (PDF, 27 kB)

Vidare tilrår utvalet overfor kommunestyret å be kommunedirektøren utarbeida handlingsplan til kontrollutvalet innan 19. august i år som viser kva tiltak som skal setjast i verk for å følgja opp pkt. 2 i vedtaket (11 tiltakspunkt), kva tid tiltaka skal setjast i verk, status i arbeidet og kven som skal ha ansvar for å setja tiltaka i verk. 

Ber om ny forvaltningsplan

Kontrollutvalet gjekk på møtet også inn for at det skal gjennomførast ein ny forvaltningsrevisjon. Tema for denne revisjonen vil vera psykisk helse og rustenester. Det er Kontrollutvalet sin revisor, Deloitte, som skal gjennomføra revisjonen. Utvalet bad om at det vert utarbeidd forslag til prosjektplan med sikte på behandling i utvalet 27. mai.


Tekst og foto: Vigleik Brekke