Hugs det generelle bålforbodet frå 15. april

Frå og med 15. april trer det generelle bålforbodet i kraft. Øygarden brann og redning minner om å visa stor aktsemd og ta ansvar for å førebyggja brann i naturen.

I perioden frå 15. april til 15. september er det som hovudregel forbode å gjera opp eld i eller i nærleiken av skog og annan utmark. Dette gjeld all open eld, mellom anna bål, bålpanner og eingongsgrillar.

Bakgrunnen for forbodet er at vegetasjonen ofte er tørr om våren og sommaren, og at det raskt kan oppstå skog- og lyngbrannar. Slike brannar kan få store konsekvensar for liv, helse, miljø og eigedom.

Kva er tillate?

Det kan i særskilde tilfelle vera lov å gjera opp eld dersom det er openbert at det ikkje vil kunna føra til brann, til dømes på godkjende og tilrettelagde bålplassar. Den som gjer opp eld, har likevel alltid ansvar for å vurdera brannfaren og for å sløkkja elden fullstendig.

Øygarden brann og redning oppmodar alle til å bidra til å førebyggja brannar i utmark. Små og enkle val i kvardagen – som å følgja bålforbodet, vera varsam med bruk av open eld og melda frå dersom du oppdagar brann – kan få stor betydning. 

Øygarden brann og redning takkar for samarbeidet og ønskjer alle ein branntrygg vår og sommar.