Gav Miljøfyrtårn til produsentar av vindauge

Torsdag denne veka overrekte ordførar Tom Georg Indrevik Miljøfyrtårn til Johnsen Glass Vindusfabrikk AS og Hole Glass AS. Desse to familiebedriftene samarbeider tett og er lokalisert i industriområdet på Straume.

Frå venstre; Rune Johnsen, Ola Liøkel, Tom Georg Indrevik, Thor-Henning Johnsen og Hans Peter Hole - Klikk for stort bileteFrå venstre; Rune Johnsen, Ola Liøkel, Tom Georg Indrevik, Thor-Henning Johnsen og Hans Peter Hole

- Vi må leggja fram mykje dokumentasjon før vi kan få denne dokumentasjonen, seier Ola Liøkel som følgjer opp miljøsertifiseringa.

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

Dei to separate selskapa har samarbeidd dei 10 siste åra og er samlokalisert på Straume og har totalt 35 tilsette. Bedriftene har to lærlingar og representerer åtte ulike fag. Bedriftene kan visa til blåe tal og har ein årleg omsetnad på om lag 62 millionar kroner. Dei har også lokale i Fabrikkgaten i Bergen for utlevering og tilskjering. 

Johnsen Glass Vindusfabrikk starta opp i 1979 på kaien på Brattholmen. Seinare etablerte dei seg på Valen før dei enda opp på Straume. 

Frå verkstad - Klikk for stort bilete

Desse to bedriftene tilbyr produkt som skreddarsyr ulike behov. 

- Konkurransen er krevjande, mellom anna frå utlandet som Baltikum og Polen. Med ein omsetnad på 67 millionar kroner, legg vi til grunn av verdiskapinga er rundt 30 millionar kroner i året, seier Rune Johnsen som er eigar og dagleg leiar i Hole Glass.

Hole Glass starta opp i 1964. Avdelingsleiar Hans-Peter Hole representerer tredje generasjon i familiebedrifta.

Ola Liøkel seier at bedriftene har kjeldesortert i 25 år. 

- Mellom anna har vi ruteretur. Tre av bilane vår er elektriske. Vi dokumenterer CO2-utslepp og kor mykje vi brukar av energi og vatn. Det handlar mykje om dokumentasjon, seier han.

Frå produksjonslager - Klikk for stort bileteBedriftene disponerer om lag to tusen kvadratmeter på Straume

Dagleg leiar i Johnsen Glass, Thor-Henning Johnsen, seier at det er ni ulike profesjonar i bedriftene.

- Vi har mellom anna fire glasmeistrar, tre glasrådgjevarar, høgskuleutdanna merkantilt tilsette, tømrarar, målarfag og tilsette med kranfag, seier han.

Fleire tilsette i bedriftene er engasjerte i bransjen på ulik vis. Thor-Henning Johnsen er i prøvenemnda og sensor ved fagbrev. Hans-Peter Hole er fagleg rettleiar i samband med meisterbrev.


Tekst og foto: Vigleik Brekke