- Dette skal vi klara

På møtet i eldrerådet på torsdag vart Elna Nybakk vald som ny leiar etter Egil Haaland. 
- Vi skal følgja opp det gode arbeidet eldrerådet allereie er i gang med, seier den nye leiaren. Berit Anita Knudtsen Larsen held fram som nestleiar i rådet.

Den nye leiaren i eldrerådet; Elna Nybakk - Klikk for stort bileteDen nye leiaren i eldrerådet; Elna Nybakk

Elna Nybakk seier at det ikkje er lett å «hoppa etter Haaland», men er innstilt på at dette skal ho få til i godt samarbeid med resten av rådet.

- Eg opplever at vi har eit godt eldreråd, og eg er glad for at Berit Anita held fram som nestleiar. Det er viktig at vi får gjort godt kjent det arbeidet vi gjer. Eg håpar at vi kan få fram det vi er opptekne av, seier Elna Nybakk som representerer Pensjonistforbundet i eldrerådet, slik også Egil Haaland gjorde.

Uroa over utviklinga blant barn og unge

Eldrerådet gav uttale til saka om årleg folkehelse- og oppvektsprofilar. 

Oppsummert skårar Øygarden jamt over godt på fleire sentrale levekårsindikatorar, mellom anna knytt til inntekt, bustadforhold og overordna levekår. 

Samstundes teiknar det seg, når folkehelse‑ og oppvekstprofilane vert lesne over tid, eit bilete av nokre vedvarande og samansette utfordringar innan læring, gjennomføring, psykisk helse og deltaking. Generelt er det ein samanheng mellom utdanningsnivå til foreldra og kva utfordringar barna har i barnehage og skule.

I uttalen seier eldrerådet at det ser med uro på utviklinga ovanfor barn og unge og er opptekne av at det blir sett i verk målretta tiltak som demmar opp mot dei utfordringane som går fram av saka. Eldrerådet rettar særleg fokus på førebyggande arbeid. Rådet ber om ei orientering om planar og tiltak som er sette i verk for å møta dei utfordringane som rapporten skisserer.

Frå møtet i eldrerådet på torsdag - Klikk for stort bileteFrå møtet i eldrerådet på torsdag

Mange tok ordet då saka vart drøfta i rådet. Eli Bergsvik var tydeleg på at også eldrerådet må seia noko om situasjonen for barn og unge.

- Øygarden kommune har mange gode planar, men det er ikkje godt nok på den utførande sida. Eg meiner vi må satsa meir på førebyggande arbeid og finna samlingspunkt på tvers av generasjonane. Vi må bry oss om andre enn oss sjølv, sa Eli Bergsvik.

Strategiplan for klima og energi

Eldrerådet fekk informasjon om strategiplan for klima og energi 2026-2030. Planen skal ut på høyring i september og vert venteleg vedteken av kommunestyret i desember. Under presentasjonen vart det vist kva sektor i Øygardssamfunnet som har størst utslepp og kva sektor som har redusert utsleppa sine.

Saka vart teken til orientering. Eldrerådet vil truleg koma med innspel til planen seinare. 

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke