
Send inn tips og råd til idébanken!
Øygarden kommune vil gjerne fornya og forbetra dei kommunale tenestene. Difor er det no oppretta ein idébank som samlar gode tips om korleis kommunen kan realisera målet om at Øygarden skal vera ein god kommune å bu og arbeida i.
Les meir.
Godt lagt til rette for arealutnytting
Rundt 40 personar frå næringslivet deltok på innspelsmøtet på torsdag om planprogrammet med strategiar for arealdelen til kommuneplanen. Seniorprosjektutviklar Atle Tellevik i Skanska er glad for at Øygarden kommune etter kvart får vedteken ein plan for arealbruken.
Les meir.
- Dette var eit nyttig møte
Tysdag kveld var det ope medverknadsmøte om framlegget til planprogram for arealdelen til kommuneplanen. Ingrid Samdal og Geir Brandal frå Nordre Foldnesvågen hyttevelforening var mellom dei 30 som deltok på møtet på innbyggartorget og biblioteket på Straume.
- Vi ønskjer at det skal verta lettare å gjera mindre endringar på hyttene i feltet, seier dei.
Les meir.
- Dette er ein suksess
Reinhaldarane Therese Erstad og Elisabeth Midttveit er krystallklare.
- Vaskeroboten på Sundheimen har vore ein suksess.
Øygarden kommune har no fem vaskerobotar som skal brukast på Landro skule, Liljevatnet barnehage, Sotra Arena, Bildøyhallen i tillegg til Sundheimen.
Les meir.
ØyVAR fekk andreplass i Anskaffingsprisen 2025
ØyVAR fekk nasjonal anerkjenning for berekraftige løysingar og fekk andreplass i konkurransen om å få Anskaffingsprisen 2025.
- ØyVAR har gjennom fleire år vist ein kultur for grøn nytenking og nøysemd, heiter det frå juryen.
Les meir.
Morgongry på Øygarden ungdomsskule
Øygarden Ungdomsskule (ØUS) har vi i dag hatt høgtlesing for alle elevane på ungdomsskulen. Med lyslenker i taket og musikk frå filmen «Stargate», samla vi alle elevane ved ØUS i fellessalen, der lærar Aud Helen Solsvik las høgt frå boka «Stargate – en julefortelling» av Ingvild W. Rishøi. Arrangementet er vår eigen versjon av «Morgongry» i samanheng med Nordisk litteraturveke.
Les meir.
Treff+ moteshow: Eleganse på catwalken!
Fredag 7. november på var det 13 flotte lokale mannekengar som viste fram ulike festantrekk for kvinner og menn på Sartor Storsenter. Av dei 160 frammøtte vart mange inspirerte.
Les meir.
Bergensområdet kan nå nullvekstmålet
Den nye byutgreiinga for bergensområdet er no lagt ut på høyring. Resultata viser at det er mogleg å oppnå nullvekstmålet i 2036 og 2050 gjennom kombinasjonar av ulike tiltak. Byutgreiinga tek utgangspunkt i den forventa folkeveksten i bergensområdet dei neste åra.
Les meir.
Digg læring-konferansen 2025
Fredag 7. november vart Digg læring-konferansen arrangert på Knappskog skule. Over 400 påmeldte fekk med seg eit rikhaldig program med plenumsforedrag, parallellsesjonar og workshops.
Les meir.
87 år sidan det singla i glas
Sundag kveld vart krystallnatta markert i Straume Forum.
- Vi markerer denne dagen fordi vi gløymer, sa hovudtalar Egil Morland.
- Hitler gav jødane skulda for det meste, sa varaordførar Anita Garlid Johannessen. 30 organisasjonar i Vestland står bak arrangementet som vert gjennomført i regi av krystallnattkomitéen.
Les meir.
Oppgradering av sak- og arkivsystem i Øygarden kommune
I perioden 21.11.2025 til 26.11.2025 skal Øygarden kommune oppgradera saks- og arkivsystemet sitt. Dette vil føra til nedetid i systemet, noko som kan påverka deg som innbyggjar. Systemet vil ikkje vera tilgjengeleg i denne perioden.
Les meir.
Digitalt informasjonsmøte om fosterheim
Er du nysgjerrig på korleis det er å vera fosterheim? Då er møtet den 18. november noko for deg. Du kan stilla spørsmål om det du lurer på. Om du heller vil snakka med oss åleine, kan du ta kontakt etter møtet.
Les meir.
Ottesong i Foldnes kyrkje
Øygarden kulturskulekor ønskjer velkomen til lys, ro og korsong i ei mørk førjulstid. Generalprøve fredag 12. desember kl. 18.00. Ottesong laurdag 13. desember kl. 08.00.
Les meir.
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (47)
- 10.11.: Interne møte
Miljøløftet
Koordineringsutvalet
Styremøte Vestnorsk teater
Styremøte Bymuseet - 11.11.: Status barnevern
Førebuing regionalt høyringsmøte
Felles gruppeleiarmøte - 12.11.: Eigarmøte Eviny
- 13.11.: Regionalt høyringsmøte KPA (KPA: arealdelen til kommuneplanen)
KPA-møte med næringslivet - 14.11.: Bergenskonferansen
- 16.11.: Besøke Sotra arabiske kulturelle foreining
Varaordføraren neste veke (48)
- 17.11.: Interne møte
- 18.11.: Fylkesstyremøte KS Vestland
Kontaktmøte mellom Equinor og Øygarden, nabokontaktmøte - 19.11.: Formannskapsmøte
- 20.11.: Nyopning ST1, Straume
Teater, den kjempestore pæra - 21.11.: Budsjettkonferanse Frp, fylket
- 22.11.: Budsjettkonferanse Frp, fylket - vigsel