Frå venstre: Anita Garlid Johannessen, Odd Bjarne Skogestad og Egil Morland30 organisasjonar i Vestland står bak arrangementet som vert gjennomført i regi av krystallnattkomitéen.
Natta mellom 9. og 10. november 1938 var starten på ei landsomfattande jødeforfølging i Tyskland med systematiske valdshandlingar og angrep mot jødar. Sju tusen jødiske forretningar og bustader vart øydelagde og 91 personar drepne. I dagane søm følgde vart mange jødar myrda og ei stor mengde synagogar, forretningar, bustader og jødiske gravplassar øydelagde. Krystallnatta (novemberpogromen) markerte starten på ei systematisk jødeforfølging som seinare utvikla seg til Holocaust.
Hovudtalar på markeringa i Straume Forum var professor emeritus i teologi, religion og filosofi, Egil Morland, som også er busett i Øygarden.
Overskrifta hans var «Når det singlar i glas – merkar vi det?» og er henta frå det som skjedde mellom 9. og 10. november. Morland stilte spørsmål om kvifor vi markerer denne dagen og denne hendinga.
- Det er fordi vi gløymer. Og fordi minnetapet når det gjeld jødane gjer det så altfor lett å gløyma, og altfor freistande å oversjå og hindra at noko slikt skjer på nytt.
Kan det skje igjen?
Varaordførar Anita Garlid minna forsamlinga om at det er 87 år sidan krystallnatta. Ho viste til den konkrete bakgrunnen for det som skjedde om at sorga til ein ung mann vart brukt av Hitler til å trakassera jødane.
- Synagogar og butikkar vart knuste. Jødane vart fordrivne frå heimane sine. Det var vald og audmjukingar. Tryggleik vart til utryggleik. Det er 87 år sidan Hitler gjorde seg nytte av hundrevis år med antisemittisme ved å gje jødane skulda for det meste, sa varaordføraren.
Ho sa at det er 87 år sidan Hitler verkeleg starta forfølginga av jødane. Kan dette skje igjen? Ja, det kan det. Då er det opp til deg og meg å syta for at vener forblir vener, naboar forblir gode naboar. Det motsette av kjærleik er ikkje hat, men likesæle. La oss ikkje bli likesæle, sa Anita Garlid Johannessen.

- Merkar vi at det singlar i glas?
Egil Morland sa at det er noko med jødeforfølginga som ikkje let seg forklara, og som har noko religiøst (politisk/religiøst) over seg. Det er som om saka unndreg seg vanleg rasjonell analyse og forklaring. I talen viste han til at det går ei antisemittisk bølgje over den vestlege verda.
- Spørsmålet mitt: -Når det singlar i glas, merkar vi det? er eit ekte spørsmål, ikkje eit retorisk. Eg meiner for det første å spørja om vi registrerer det som skjer rundt oss. Men eg meiner også å spørja om vi veit korleis vi skal reagera?
Morland viste også til andre verdskrigen her heime der ikkje alle reagerte når dei burde og skulle, sjølv om vi likar ei slik framstilling – eit slikt narrativ – om gode nordmenn.
- I dag, når vi så lett ber om tilgjeving for alt det som andre i tidlegare tider har gjort seg skuldig i, skulle vi gå i oss sjølve, gjera bot og be om visdom til å tyda det som skjer – når det på nytt singlar i glas. Det er derfor vi treng slike påminningar om det som hende. For det kan henda igjen!, sa Egil Morland.
På samlinga var det appellar av prost Jan Tommy Fosse og journalist Solveig Apelthun. Det var musikalske innslag ved Rune Landro (saksofon), Manna (vokalgruppe), Jarl Heggernes (piano), Ragnvald Ree (piano), Lars Apelthun (song/gitar), Kristine H. Holden (song). Det var dikt ved Ingalis Apelthun Malmo. Konferansier var Odd Bjarne Skogestad.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ottar Vik og privat