Frå venstre; Elisabeth Midttveit, Therese Erstad, Stian Wikran Johansen, Stig Wågenes og Jarle Kvalvik.På tysdag møtte vi dei to reinhaldarane saman med eigedomssjef Jarle Kvalvik, einingsleiar reinhald Stian Wikran Johansen og rådgjevar Stig Wågenes i foajeen på Sundheimen.
Vi har også snakka med dei som brukar vaskerobot på Sotra Arena. Les meir om dette lengre nede i artikkelen.
God effekt
Vaskeroboten på Sundheimen, som har fått namnet Kjell Ove etter vaktmeisteren, kryssar over golvet i eit uforståeleg mønster, akkurat som ein robotgrasklippar.
Ifølgje Stig Wågnes vert vaskekvaliteten langt betre enn ved manuell mopping.
- Vi har hatt denne vaskeroboten i eín månad. Eg gjev karakteren 10 av 10. Forventningane er innfridde, og eg kallar dette ein suksess. Vaskeroboten tar store areal. Framleis må vi reingjera manuelt under bord og stolar, seier Elisabeth Midttveit som berre har godord om den nye roboten.
Øygarden kommune vil etter kvart få utvida omfanget av reinhald som ein konsekvens av at kommunen i tillegg til Sundheimen skal ha reinhald av ein større del av Hidlamyra omsorgsbustader. Der er det godt lagt til rette for bruk av vaskeroboten.
Elisabeth Midttveit og Therese Erstad gler seg over vaskeroboten.Vaskeroboten på Sundheimen er KI-styrt og har avansert teknologi. Det trengst kunnskap om bruken av roboten.
- Vi stiller inn vaskeområdet på eit kart. Etter bruk må vatnet tømmast ut, fleire delar må skyllast, børstar skal takast ut og vi må loggføra for kvar dag. Vaskeroboten skal vera klar til bruk neste dag. Dette lettar jobben og frigjev tid og vi opplever ikkje at dette er ein trussel mot arbeidsplassane våre, seier Therese Erstad som, saman med Elisabeth Midttveit, rosar det gode arbeidsmiljøet på Sundheimen.
Innsparing og redusert sjukefråvær
Stian Wikran Johansen fortel at det vart løyvd 800 tusen kroner til to vaskerobotar i fjor. Dette året er det kjøpt tre robotar. Ein vaskerobot kostar mellom 350 til 400 tusen kroner.
- Ein slik maskin erstattar om lag 40 prosent av ei stilling ved maksimal bruk og kan ta unna ein del av det tyngste arbeidet. Generelt er det høgt sjukefråvær innan reinhald. Sjukefråværet har gått ned frå i fjor til i år, seier Wikran Johansen.

Stig Wågenes seier at vaskerobotane tar mykje av det tyngste arbeidet.
- Det er eit mål at sjukefråværet skal gå ned. Desse robotane vil gje reinhaldarane ein betre kvardag. Utviklinga innan dette området går svært raskt, og det vil koma nye robotar som i endå større grad tilfredsstiller behovet vårt, seier han.
Eigedomssjef Jarle Kvalvik seier at bruk av vaskerobot er god økonomi for kommunen. I den tida Stian Wikran Johansen har arbeidd som reinhaldsleiar er talet på reinhaldarar redusert med om lag 15 årsverk.
- Vi seier ikkje opp folk, men vi brukar mellom anna vaskerobotane til å ta unna eit større omfang reinhaldsoppgåver, seier han.

Sotra Arena
På onsdag tok kommunedirektør Johnny Breivik turen til Sotra Arena saman med eigedomssjef Jarle Kvalvik og einingsleiar reinhald Stian Wikran Johansen. Reinhaldsoperatør Valentin Postelnicu viser fram vaskeroboten som går att og fram i området ovanfor tribunane. Roboten vert brukt på banane, aktivitetsrom, dansesal, kantine og fellesareal. Det går ein tilsvarande robot i Bildøyhallen.
Frå venstre; Johnny Breivik, Stian Wikran Johansen, Jasna Kljaic, Valentin Postelnicu, Cristina Postelnicu og Jarle Kvalvik.På Sotra Arena kombinerer reinhaldarane bruk av ein vaskerobot og ein større vaskemaskin som er betent.
- Denne vaskeroboten er ikkje KI-styrt, men førehandsinnstilt og har svært god kvalitet. Leverandør av roboten er Lilleborg. Roboten, som også kan brukast manuelt, vert lada opp i løpet av 1,5 timar og vaskar i om lag fem timar før vi må lada han opp igjen. Vatnet vert reinsa undervegs. Vi er svært nøgde med kvaliteten på vaskinga, seier Valentin Postelnicu.
- Vi har vurdert tre andre vaskemaskiner og vore på messer og utstillingar før vi endeleg landa på denne roboten. Vi reknar med at vaskeroboten svarar til 50 prosent av ei stilling. Som følgje av dette har vi no redusert frå to til ei og ei halv stilling i Sotra Arena. Bruken av robot gjev økonomisk innsparing for kommunen, seier Stian Wikran Johansen.
Kommunedirektør Johnny Breivik likar det han ser og høyrer.
- Eg er imponert over korleis eininga og tilsette nyttar ny teknologi til å utvikla tenestene. Erfaringane viser eit godt reinhald og ei effektiv teneste, seier han.

Utfordring med klister
Jasna Kljaic er avdelingsleiar for reinhald sone aust. Ei utfordring i Sotra Arena er at dei eldste handballspelarane frå 15 år og oppover brukar klister på hendene.
- Det fører til at det ligg klister igjen på banane og fleire andre stader i hallen. Ein konsekvens av dette er at det må nyttast litt kjemi (vaskemiddel) i vatnet og køyrast to gonger over banen, seier ho.
Brukarane av vaskerobotane er tydelege på at innføring av vaskerobot er eit rett og godt grep. Jasna understrekar også at det trengs kompetente folk til å betena utstyret. Det bidreg til at resultatet vert bra.
- Ved bruk av vaskerobot får vi frigjort tid og dermed tid til å prioritera andre oppgåver. Vi treng både vaskerobotar og reinhaldsoperatørar. Tidlegare var vi ferdige med vaskinga av hallen til klokka ni (måndag – fredag). Skulane har hatt ønske om å sleppa til i hallen tidlegare. Med hjelp av den nye teknologien, kan elevane no ta hallen i bruk klokka åtte, seier Jasna Kljaic.
Betent vaskemaskinOgså innbyggartorget og biblioteket på Straume har fått nytte av robot. Der er det teken i bruk ein mindre robotstøvsugar som har gjeve gode resultat og mindre støv i lufta.
Vaskerobot på Sundheimen:
Sjå vaskerobot i funkjson på Sotra Arena:
Tekst, foto og video: Vigleik Brekke