Digg læring-konferansen 2025

Fredag 7. november vart Digg læring-konferansen arrangert på Knappskog skule. Over 400 påmeldte fekk med seg eit rikhaldig program med plenumsforedrag, parallellsesjonar og workshops. 

Ordførar Tom Georg Indrevik opna konferansen Carl Morten Knudsen

I tillegg stilte 25 ulike utstillarar opp, det vil seia ein stor del av utdanningsteknologibedriftene i Noreg, samt to av dei store forlaga.

Tema for årets konferanse var lesing, språk og god bruk av digitale verktøy og KI. Dette er viktige element i Øygarden kommune si språkkommunesatsing.

Konferansen vart opna av ordførar Tom Georg Indrevik. Han poengterte at det som politikar er viktig å ha tillit til dei som er i klasserommet, at det er lærarane som veit kva som verkar og kva verktøy som fungerer for elevane. Etter opninga hadde Åsne Midtbø Aas frå Dysleksi Norge opningsforedraget «Ingen skjerm, ingen inkludering». Ho var tydeleg på at mange elevar treng digitale verktøy for å bli inkluderte i skulekvardagen.

Marianne Pettersen Turøy

Janus Madsen kom heilt frå Danmark for å snakka om blant anna begynnaropplæring, og saman med Lisa Skutle frå Knappskog skule snakka han om eit nabospråkprosjekt dei har vore med på. På programmet fann ein også Nynorsksenteret, Inge Andersland frå HVL, Statped, NAFO (Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring), Skulebibliotektenesta i Øygarden og mange fleire. I NAFO sin workshop deltok også tre av Øygarden kommune sine eigne tospråklege lærarar.

Konferansen hadde eit rikhaldig program der alle rom på skulen var i bruk. I pausane mellom ulike workshops og foredrag kunne ein sjå og høyra mange positive og interesserte deltakarar i gangane og i utstillingsområdet. Dei fleste av deltakarane kom frå Øygarden, men også ein del andre vestlandskommunar var representerte.

Tilsette på ungdomsskulane ventar på å koma inn i salen for "Tid for lesing på ungdomstrinnet"

Digg læring konferansen er ein unik konferanse i norsk målestokk då det er Knappskog skule som står som arrangøer. Digg læring konferansen er ein konferanse av lærarar, for lærarar. Slik økonomien er i kommune-Noreg i dag er det vanskeleg å senda lærarar på konferansar andre stadar. Difor flyttar ein heller konferansen dit lærarane er. På den måten får lærarar direkte input og kompetanseheving på verktøy og metodar dei brukar i klasserommet, og har også moglegheit til å påverke dei læremidla og verktøya dei brukar. Leverandørane som var på konferansen trekkjer fram nettopp dette som noko av det som gjer at dei kjem tilbake år etter år. Dei framhevar også det unike i korleis dei blir møtt på skulen – alle dei tilsette er i sving for å fasilitera for at både deltakarar og bidragsytarar får ei god oppleving.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


 Tekst: Ingvild Vikingsen Skogestad