ArkivfotoByutgreiinga tek utgangspunkt i den forventa folkeveksten i bergensområdet dei neste åra. Utgreiinga diskuterer så moglege tiltak for å unngå at veksten i folketal også skal føre til vekst i personbiltrafikken, og ser på effekten av tiltaka.
Byutgreiinga er utarbeidd av ei prosjektgruppe med partane i Miljøløftet, leia av Statens vegvesen. Byvektstavtalen for bergensområdet omfattar kommunane Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden og Øygarden.
Venta folketalsauke, overgang til elektriske køyretøy, investeringar i transport-infrastrukturen og økonomisk vekst vil føra til auka transportetterspurnad. For å motverka dette, er det nødvendig å bruka restriktive verkemiddel, som auka bompengar og innføring av parkeringsrestriksjonar. Dei restriktive verkemidla må balanserast med auka satsing på kollektivtransport, sykkel og gonge.
Byutgreiinga viser at konsentrert arealbruk er eit viktig og naudsynt tiltak for å nå nullvekstmålet. Byutgreiinga skal ikkje gje tilråding om konkrete verkemiddelpakkar eller samansetjing av desse, men presentera eit opplyst kunnskapsgrunnlag.
Les meir om byutgreiinga her. Der kan du lesa heile dokumentet.