- Dette var eit nyttig møte

Tysdag kveld var det ope medverknadsmøte om framlegget til planprogram for arealdelen til kommuneplanen. Ingrid Samdal og Geir Brandal frå Nordre Foldnesvågen hyttevelforening var mellom dei som deltok på møtet på innbyggartorget og biblioteket på Straume.
- Vi ønskjer at det skal verta lettare å gjera mindre endringar på hyttene i feltet, seier dei.

Ingrid Samdal og Geir Brandal håpar det skal verta lettare å gjera mindre endringar i hyttefeltet deira. Til høgre; samfunnsplanleggjar Lisbeth Selstø - Klikk for stort bileteIngrid Samdal og Geir Brandal håpar det skal verta lettare å gjera mindre endringar i hyttefeltet deira. Til høgre; areal- og samfunnsplanleggjar Lisbeth Selstø.

Kommunestyret har vedteke å leggja ut planprogram med strategiar på høyring fram til 7. desember. Etter at planprogrammet er vedteke i slutten av januar 2026, vert det opna for arealinnspel.

No vert innbyggjarane og andre interesserte inviterte til å koma med innspel knytt til strategiane og den planlagde prosessen. Planprogrammet har fem tema; utvikling for framtida, sentera i Øygarden, leva og bu i heile kommunen, aktivitet i strandsona og næringsutvikling. Det er utarbeidd ei rekkje strategiar for kvart tema som handlar om kva verdiar vi skal bevara og utvikling for framtida. 

Rundt 30 personar møtte opp på samlinga. Planavdelinga i kommunen og kommuneplanutvalet var godt representert.

Ønskjer enklare saksbehandling

Ingrid og Geir, som begge bur i Bergen, har kvar si hytte i Nordre Foldnesvågen. Feltet på om lag 50 hytter vart bygd på 1950 og 1960-talet. Hytteeigarane opplever at det dei seinare åra har vore vanskeleg å gjera mindre endringar i feltet. I dag er området LNF-område (landbruk, natur og friluftsområde).

- Eg trur at eg sende inn opp mot sju dispensasjonssøknader for å få bygd om naustet. Det er i dag vanskeleg å få gjort mindre ting, som til dømes å setja opp eit anneks, seier Geir.

Ingrid, som tidlegare har budd på Sotra, har overteke hytta etter at bestefaren bygde hytta i 1958.

- Eg vart kjend med denne prosessen og dette møtet på nettsida til Øygarden kommune. Vi er engasjerte i styret for hyttevelforeininga og har ikkje ønskje om å gjennomføra større utbyggingar, men mindre ting og at det skal verta enklare saksbehandling, seier ho.

Dei to vil nytta høvet til å koma med innspel til planprogrammet med strategiar.

- Vi opplevde dette som eit informativt og nyttig møte. No skal vi på vegner av velforeininga be primært om at dette vert eit hyttefelt, alternativt LNF spreidd fritidsbustad, seier Ingrid Samdal og Geir Brandal.

Samtale med deltakarar. Til venstre; samfunnsplanleggjar Kristina Espeseth og til høgre leiar av kommuneplanutvalet, Svein Otto Jacobsen (Frp). - Klikk for stort bileteSamtale med deltakarar. Til venstre; samfunnsplanleggjar Kristina Espeseth og til høgre leiar av kommuneplanutvalet, Svein Otto Jacobsen (Frp).

Omfattande prosess

I innleiinga av møtet orienterte samfunnsplanleggjarane i kommunen om prosessen med planprogrammet. Etter at samfunnsdelen til kommuneplanen vart vedteken i 2022 er det etter ein omfattande prosess utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag. På grunnlag av kunnskapsgrunnlaget er det laga utkast til strategiar for arealbruk i framtida i Øygarden. I planprogrammet er det også skildring av resten av planprosessen fram til endeleg vedtak i 2027.

Etter at planprogrammet er vedteke i januar 2026, vert det invitert til å koma med arealinnspel. Første utkast til arealdel for Øygarden kommune vert presentert hausten 2026. Målet er at innan juni 2027 er det vedteke ein arealdel for heile Øygarden kommune.

Her finn du oversikt over arbeidet med arealdelen til kommuneplanen 2027-2039.

Her er meir informasjon om planprogrammet og korleis du kan koma med innspel. 

Her er fleire bilete frå samlinga 11. november:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Tekst og bilete: Vigleik Brekke