Frå moteshowet 7. novemberTil god musikk svinga mannekengane seg på catwalken. Dei hadde tre ulike antrekk som dei viste fram. Mannekengane viste fram klede frå VIC, Lindex, Match, Kappahl, Instinct, IniStyle og NMS Gjenbruk. Styremedlem i Treff+, Kari Charlotte Waage, leia moteshowet og ga god informasjon om kvart antrekk.
Fleire i publikum sa at dei vart inspirerte og fekk både tips og idéar, enten noko nytt, brukt eller noko dei allereie har som dei kan finne fram frå skapet. Nokon kom i julestemning av alle dei flotte festantrekka – og alle blei i godt humør! Det er alltid god stemning og god musikk på moteshowa til Treff+, som etter kvart har etablert seg som ein årleg tradisjon på Sartor Storsenter og på Rong senter.
Styreleiar i Treff+, Berit Anita Knudtsen Larsen, takka alle mannekengane, butikkane som bidreg med antrekk og alle frammøtte. Ho orienterte om det nye Treff+ medlemskortet for 2025/26. Kortet har rabattar i enkelte butikkar på Sartor Storsenter, Sund Senter og Rong senter. Korta kan ein få på eit av dei tre innbyggjartorga/biblioteka.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Unni Sørensen