Storanipa reinseanlegg vert trekt fram frå juryen som eit energiøkonomisk tiltak. Biletet er frå opninga i desember 2019.
Vigleik Brekke
Anskaffingsprisen vert delt ut av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) og løftar fram verksemder som går føre i arbeidet med grøne og berekraftige innkjøp. Prisen vart delt ut under Anskaffingskonferansen i Oslo i november.
ØyVAR skriv på nettsida at Rogaland fylkeskommune gjekk til topps for sitt arbeid med berekraftig forbruk og gjenbruk av ressursar, medan ØyVAR kom på andreplass framfor Veidekke og Trøndelag fylkeskommune som kom på tredje plass. Vinnaren vart kåra av publikum etter at juryen hadde plukka ut dei tre finalistane blant 21 nominerte.
– Vi jobbar kvar dag for å finna dei mest kostnadseffektive, berekraftige og langsiktige løysingane for innbyggarane våre. Å bli løfta fram som finalist og koma heilt til topp tre i landet er ei hyggeleg anerkjenning av dette arbeidet, seier administrerande direktør i ØyVAR, Bjarne Ulvestad.
Juryen viser mellom anna til reinseanlegget på Storanipa som vart bygd til under halvparten av investeringskostnaden og med eit energiforbruk på berre éin åttandedel av tradisjonelle løysingar i 2019.
- Også pumpestasjonen i rustfritt stål, installert i 2024, vart trekt fram som eit døme på korleis smarte val kan gi både økonomiske og miljømessige gevinstar, heiter det frå juryen.
Les meir på nettsida til ØyVAR.