Oppgradering av sak- og arkivsystem i Øygarden kommune
I perioden 21.11.2025 til 26.11.2025 skal Øygarden kommune oppgradera sak- og arkivsystemet sitt. Dette vil føra til nedetid i systemet, noko som kan påverka deg som innbyggjar.

Systemet vil ikkje vera tilgjengeleg i denne perioden. Det betyr mellom anna at det ikkje vert publisert nye dokument på postlista før 1. desember 2025. Dokument som allereie er publiserte i postlista vil framleis vera tilgjengelege.
Innbyggjarar som har spørsmål knytt til saker som er under behandling, kan oppleva avgrensa tilgang til informasjon og hjelp frå saksbehandlarar i denne perioden.
Det kan òg oppstå noko forseinking i saksbehandlinga framover, særleg for søknader innan byggesak, plan og kart/oppmåling, då desse modulane får dei største endringane i oppgraderinga.
Internt vil systemet vera utilgjengeleg frå 21.11.2025 til og med 25.11.2025, og det vert forseinking i journalføring av innkommande post.
Vi er motiverte og klare til å ta i bruk nye funksjonar så raskt som mogleg for å få normal drift i systemet.
Publisert 13.11.2025 10.32