
Veidekke skal byggja ny ungdomsskule
Den nye ungdomsskulen på Bildøyna skal byggjast av Veidekke AS. Totalkostnaden er om lag 600 millionar eksklusive meirverdiavgift. I dag vart det kjent kven som vann konkurransen. Skulen skal etter planen overleverast til Øygarden kommune 26. januar 2028. Drifta av skulen startar i august 2028. Karenstida er 10 dagar og kontrakt kan inngåast tidlegast 6. oktober.
Les meir.
Frårår eigedomsskatt på næring
Formannskapet gjev tilslutnad til innstillinga frå kommunedirektøren og tilrår at det ikkje vert innført eigedomsskatt på næring. Saka vart behandla i formannskapet i etterkant av budsjettseminaret på tysdag. Formannskapet behandla også kvartalsrapport pr. 31. juli.
Les meir.
Alva Betine Kilvik overtar som leiar i ungdomsrådet
- Eg takkar for tilliten og ser fram til å leia rådet, seier den nyvalde leiaren av ungdomsrådet, Alva Betine Kilvik. Eivind Økland vart vald som nestleiar på møtet onsdag ettermiddag. Konrad Ørn har vore leiar av ungdomsrådet fram til juni. På det siste møtet før ferien gav kommunestyret han i juni fritak frå vervet i ungdomsrådet. Også Karoline Solbakk fekk fritak for vervet i rådet.
Les meir.
Lisbeth Hjortland overtar som leiar av råd
Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) valde onsdag Lisbeth Hjortland som leiar av rådet etter Ingvild Skaar. Christian Daae-Hansen held fram som nestleiar. Valet gjeld for resten av kommunestyreperioden 2023-2027. RFF gav mellom anna innspel til budsjett for 2026 og økonomiplanen for 2026-2029.
Les meir.
Sluttar seg til forslag om ny sjukeheim
Eldrerådet tilrår, slik kommunedirektøren innstiller, at det vert etablert sjukeheim i Skipsdalen på Straume og at arbeidet vert starta opp snarast mogleg. Rådet legg til i tilrådinga at plasseringa av prosjektet vert realisert som ei forlenging til Øygarden lokalmedisinske senter (ØLMS).
Les meir.
Datakurs for seniorar: - Det er aldri for seint å læra noko nytt!
Dette seier kursdeltakar Sveinung Angeltveit (85). Ifølgje Sveinung er det viktig med litt hjernetrim slik at ein held seg i form, sjølv om ein kanskje treng litt meir tid til å læra og om ein kanskje må repetera nokre gonger før det set. Det var fem personar som deltok på Treff+ datakurs torsdag 25. september.
Les meir.
Nattarbeid på Bildøyna
Som ein del av arbeidet med Sotrasambandet vert det gjennomført arbeid som legg til rette for mellombels omkøyringsveg på Bildøyna. Dette medfører nattarbeid og enkelte periodar med stenging og manuell dirigering av trafikken i området.
Les meir.
Turbofart på vikar og turnus
Som del av omstillingsarbeidet, har vi kartlagt korleis vi arbeider med vikarinnhenting og turnus i helse- og velferd. Dette er to område som påverkar både kvardagen til leiarar og kvaliteten på tenestene vi gir. Kartleggingane er del av TURBO-prosjektet – Turnus, Bemanning og Optimalisering – som skal gje betre system, meir støtte og meir tid til kjerneoppgåvene.
Les meir.
To nye fredingsområde for hummar i Øygarden kommune
Fiskeridirektoratet har etter høyringsrunde og lokal forankring vedtatt å oppretta 15 nye fredingsområde for hummar på kysten. To av desse områda er i Øygarden kommune. Forskrifta (forbodet om hummarfiske) gjeld frå og med 1. oktober. Dei nye områda i Øygarden ligg sør og nord for Tælavåg.
Les meir.
Tiltaka gjev effekt
Kvartalsrapporten (pr. 31. juli) viser eit positivt netto driftsresultat.
- Sjølv om denne rapporten viser eit pluss, må vi framleis arbeida for å få bukt med meirforbruk, seier kommunalsjef for Finans og økonomi, Anne Erdal. Det er budsjettert med eit positivt netto driftsresultat på 31 millionar kroner i 2025. Pr 31. juli er netto driftsresultat 49,8 millionar kroner betre enn budsjettert.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (39)
- 22.09.: Interne møte
Møte om moglege trapper til Liatårnet - 23.09.: Formannskapsmøte
- 24.09.: Møte med Hogne Tyssøy
Møte om 10 årsmarkering for helikopterulukka ved Turøyna
Status om forsvarsprosjekt - 25.09.: Dialogmøte om Sotra Kystby
NHH Lehmkuhl Forelesning
Fellesgruppemøte KPA - 26.09.: Morgonkaffi i parken
Opning Sparebank 1 - 27.09.: Opning av Frivilligdagen
Brujubileum Toftarøyna
Ball i Håkonshallen - 28.09.: Besøk SAFT Klokkarvik
Ordføraren neste veke (40)
- 29.09.: Interne møte
Miljøløftet styringsgruppa
Møte med Vestland fylke - 30.09.: Plastryddeaksjon
Møte med leiar i ungdomsrådet - 01.10.: Beredskap
Deltek på eldredagen - 02.10.: Medlemsmøte – Vest-Norges Brusselkontor
Arr. Sund ungdomsskule - 03.10.: Besøk Midtgarden
Dialogmøte med Vestland fylke
Åpning av Byggeren - 05.10.: UN Genève
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (39)
- 22.09.: Interne møte
Møte om trapper til Liatårnet
Gruppemøte - 23.09.: Formannskapsmøte
- 24.09.: Møte råd for personar med funksjonsnedsetjing
- 25.09.: Dialogmøte Sotra Kystby
Eldrerådet
Fellesgruppemøte, arealdelen til kommuneplanen - 26.09.: Morgonkaffi i parken
Vigsel - 27.09.: Vigsel
- 28.09.: Besøk SAFT, Klokkarvik