Eldrerådet, arkivfotoEldrerådet vil også at sjukeheimen vert bygd med 80 plassar med fortrinnsvis ØLMS-standard, og med høve til å utvida med ytterlegare 40 heildøgns omsorgsplassar med døgntilsyn.
Elles vert det tilrådd at kommunedirektøren får fullmakt til å velja den mest formålstenlege. Det vert bede om at det vert lagt fram ei eiga sak november 2025 med forslag til etablering av 20 + 20 heildøgns omsorgsplassar i 2026 – 2027, og at dette erstattar ombygging av Straume bu- og servicesenter til heildøgns omsorgsplassar.
I saka skriv kommunedirektøren at tomta i Skipsdalen også gjev fleire fordelar: betre tekniske rammer, moglegheit for å samla kjøkkenfunksjonar, og bevaring av parkeringskapasitet på Straume – noko som også er i tråd med tidlegare politiske vedtak. Ytterlegare kapasitetsauke av parkeringsplassar på Straume er ikkje lagt inn i prosjektet. Det er per no ikkje avklart om ny sjukeheim skal byggast med kjøkken.
Saka vert endeleg avgjort av kommunestyret.
Budsjett og økonomiplan
Eldrerådet slutta seg til forslag frå Jan Utkilen og Egil Haaland knytt til budsjett for 2026 og økonomiplan 2026-2029.
I Utkilen sitt framlegg vert det understreka at kommunen må leggja til rette for at alle som ønskjer å bu heime livet ut, må få høve til det. Andre tema i forslaget hans er heiltidskultur, fleksibel tenesteyting på tvers av einingar, ny oppgåvedeling og anna kompetanse for berekraftige tenester. I dette framlegget er det også teke med at ein vil starta opp att aksjonssenteret med fokus på å koordinera tenestene i heimane. Les heile framlegget her.
I framlegget frå Haaland vert det for budsjett 2026 understreka at ein vil oppretthalda gratis tryggleiksalarm for minstepensjonistar. Lag og organisasjonar som engasjerer seg for å skapa sosiale møteplassar, må ikkje påleggast leige i kommunale bygg. Det må sikrast tilstrekkeleg bemanning i heimesjukepleien, med stadig aukande tall eldre som bur heime.
I økonomiplanen må det sikrast gjennomføring av ny sjukeheim, og omsorgsbustader slik eldrerådet har presisert i saka om framskaffing av omsorgsbustader og ny sjukeheim.
I eit verbalforslag vert det vist til Helgetun, eit bufellesskap i Bergen som har vore mykje omtalt i det siste. Kommunedirektøren vert oppmoda om å invitera representantar derifrå, for å få informasjon om høvet til å etablera tilsvarande på ein av eigedomane til kommunen. Det vert vist til tidlegare kommunestyrevedtak om etablering av eldrekollektiv.
Eldrerådet, arkivfotoFramskaffing av omsorgsbustader i samarbeid med private aktørar
Eldrerådet sluttar seg til vurderingane og tilrådinga i saka om å lysa ut konkurranse på omsorgsbustader, men presiserer at prosjektet vert lagt til kommunedelsenteret på Ågotnes dersom det ikkje bryt med reglementet for offentleg anskaffing.
I denne saka er det føreslått å lysa ut konkurranse på 40 nøkkelferdige omsorgsbustader. Bustadene er tenkt plassert på Straume eller i eitt av kommunedelsentera. I tilrådinga vert det vist til behovet for å få realisert 40 omsorgsbustader for personar med vedtak om heildøgns omsorgsteneste innan 2028. I saka og tilrådinga går det fram at bustadene vert plasserte på Straume eller i eitt av kommunedelsentera og nær eksisterande institusjon eller heimesjukepleie.
Det er venta at konkurransen vert lyst ut i januar 2026 og at bygga står ferdig i 2028.
Tenesteskildringar Helse og velferd - etter høyring
Denne saka skisserer formålet med ein tenestekatalog, samt tenesteskildringar som er utarbeidd i tett samhandling med tenestestadene. Den detaljerte tenestekatalogen skildrar kva forventningar innbyggjarane kan ha til kommunale tenester i tida som kjem.
Eldrerådet tilrår at framlegget til tekst til høyringsinnspelet vert lagt inn som tekst i overordna tenesteskildring under punktet «Praktiske opplysningar».
Rådet ønskjer slik tekst:
Pårørande er ein viktig ressurs for både pasientar og helsepersonell og må sjåast på som ein ressurs i helse– og omsorgsarbeidet. Eit godt samarbeid med pårørande skal bidra til betre heilskapleg ivaretaking av pasienten sitt behov og gje auka tryggleik for både pasient og pårørande. Kompetente medarbeidarar skal gje støtte og rettleiing til rolla som pårørande og gje naudsynt avlasting for å kunna stå i omsorgsarbeidet.
Tenestene skal involvera og informera pårørande fortløpande dersom pasienten har samtykt til dette. Det skal opprettast hovudkontakt for pasienten og pårørande skal sjåast på som ein naturleg del av helse- og omsorgsarbeidet.
Planprogram for arealdelen til kommuneplanen
Eldrerådet meiner det er viktig at arbeidet med planprogram for arealdelen til kommuneplanen med strategiar og prinsipp for framtidas utvikling legg til rette for universell utforming i all planlegging. Planprogrammet bør óg ha ein strategi for korleis kommunen kan sikra bygging av generasjonsbustader og bustadløysingar for eldre i nærleik til kommunedelsentera.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke