Som ein del av arbeidet med Sotrasambandet vert det gjennomført arbeid som gjev mellombels omkøyringsveg på Bildøyna. Dette medfører nattarbeid og enkelte periodar med stenging og manuell dirigering av trafikken i området.
Bildøyna
Sotra Link
Manuell dirigering på riksveg 555
Frå måndag 22. til fredag 26. september (kl. 21.00-05.00 kvar natt) vert det nattarbeid på riksveg 555 ved Bildøyna. Arbeidet omfattar asfaltering, fjerning av rekkverk, graving for ny infrastruktur og installering av veglys.
Det vert asfaltering tysdag, onsdag og torsdag. Trafikantar må rekna med manuell dirigering på riksveg 555 og ved avkøyringsrampen.
Avkøyringsrampen ned til Branndalsmyra er i tillegg heilt stengd natt til tysdag 23. september.
Nattestenging på fv. 5336
Natt til fredag 26. september vert fylkesveg 5336 ved Bildøyvegen/Bildøybakken heilt stengd mellom kl. 22.15 og 05.50. Årsaka er graving og kryssing av fiberkabel.
All trafikk vert leia via Kolltveittunnelen. Buss 460 får passera før stenginga, og naudetatar har beredskap for å passera om nødvendig.
Fotgjengarar kan passera.
Les meir på nettsida til Sotra Link.
Publisert 23.09.2025 15.31