Frå kurset i datahjelpDet var fem personar som deltok på Treff+ datakurs torsdag 25. september. Kurset er på 3 timar og er egna for personar med lite eller noko forkunnskapar.
Etter kurset ga deltakarane uttrykk for at det var eit nyttig kurs. Ein annan kursdeltakar, Halldor Skutlaberg, likte spesielt ein del tekniske tips som dei fekk av kurshaldar Kim Kristiansen. Han viste mellom anna korleis du kan flytta peikaren på skjermen ved å nytte fingrane på berøringsområdet (svart firkant nedanfor tastaturet). Slik kan ein enkelt opne og lukke bilete og sider. Dette gjer det lettare å bruka pc.
Halldor sette også pris på gode samtalar som dei hadde om ulike problemstillingar der ein kunne ta opp ulike tema.
- Det var derfor eg melde meg på kurset. Eg trong svar på konkrete spørsmål for å koma vidare, seier han.
Datakursa tek for seg nyttige digitale offentlege tenester, grunnleggjande datatryggleik, og videomøte. Kurshaldar Kim tilpassar nivå og tema etter deltakarane sine ønske og behov.
Meld deg på neste kurs per telefon/sms til Kim Kristiansen: 920 21 322, eller i butikken til Harddisk på Sartor Storsenter. Kursa er gratis.
Halldor Skutlaberg (til venstre) gler seg tilbodet om datakurs. Til høgre; kurshaldar Kim Kristiansen.Innbyggartorg og bibliotek - Straume
- Torsdag 9. oktober
- Torsdag 23. oktober
- Torsdag 6. november
- Torsdag 20. november
Innbyggartorg og bibliotek - Rong
• Onsdag 8. oktober
Innbyggartorg og bibliotek - Skogsvåg
• Onsdag 5. november
Les meir om dataopplæring for seniorar her.
Oppfrisking/innføring i enkel datahjelp innbyggjartorg og bibliotek.
Vil du vera med på andre Treff+ aktivitetar? TREFF+ - Øygarden kommune
Tekst og foto: Unni Sørensen