TREFF+ er ope kultur- og handletilbod for yngre og eldre seniorar. Vil du prøva ut tilbodet, er det berre å møta opp! På Sartor Storsenter kvar torsdag kl. 11.00 - 14.00. På Sund Senter og Rong Senter kvar onsdag 11.00 - 14.00.
Følg Øygarden TREFF+ på Facebook
Program
Om oss
TREFF+ er ein sjølvstendig frivillig organisasjon som samarbeider med blant anna:
- Sartor Storsenter, Rong senter og Sund Senter
- Øygarden kommune
- Biblioteka på Straume, Skogsvåg og Rong
- Seniorsenteret
Målet er å driva og vidareutvikla ein sosial og helsefremmande møtestad som seniorar ikkje kan gå glipp av!
Medlemskort
Du kan få medlemskort hjå Innbyggjartorga, som gjeld på dei tre sentera. Ved å vise kortet kan du få gode tilbod. Du vil sjå på baksida av kortet kva og kvar. Kortet kostar ikkje noko, og du forpliktar deg ikkje til noko. (For å registrera deg må du opplyse om namn og telefonnummer og evt. e-post).
Dokument
Sist endra 27.04.2023 08.07