Frårår eigedomsskatt på næring

Formannskapet gjev tilslutnad til innstillinga frå kommunedirektøren og tilrår at det ikkje vert innført eigedomsskatt på næring. Saka vart behandla i formannskapet i etterkant av budsjettseminaret på tysdag. Formannskapet behandla også kvartalsrapport pr. 31. juli.

Jonas Aleksander Foldnes (SV, på talarstolen) og Tom Georg Indrevik (H, til høgre var dei som engasjerte seg mest i debatten om eigedomsskatt på næring. Foldnes røysta imot tilrådinga frå kommunedirektøren. I midten på biletet; kommunedirektør Johnny Breivik. - Klikk for stort bileteJonas Aleksander Foldnes (SV, på talarstolen) og Tom Georg Indrevik (H, til høgre) var dei som engasjerte seg mest i debatten om eigedomsskatt på næring. Foldnes røysta imot tilrådinga frå kommunedirektøren. I midten på biletet; kommunedirektør Johnny Breivik.

Tilrådinga om å seia nei til eigedomsskatt på næring vart gjort med ni mot eí røyst. SV røysta imot innstillinga frå kommunedirektøren.

Kommunedirektøren har vurdert spørsmålet om eigedomsskatt på næring etter oppdrag frå formannskapet i mars. Han har sett på både fordelar og ulemper med å innføra denne skatten.

Konklusjonen er at det ikkje bør innførast eigedomsskatt på næring no, men at ein eventuelt kan koma tilbake til dette etter at andre effektiviseringstiltak er gjennomført.

I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at det er vanskeleg å rekna ut potensialet på eigedomsskatt på næring utan å taksera eigedomane. Det er mogleg at denne skatten kan gje ei inntekt på 40 – 50 millionar kroner. I saka står det at det er høgt driftsnivå som er problemet for Øygarden kommune.

- Arbeidet med den økonomiske omstillinga har så langt vist eit mogleg potensiale for innsparingar som bør takast ut før ein vurderer å innføra eigedomsskatt på næringsverksemd eller bustadar, skriv kommunedirektøren.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Tiltaka gjev effekt

Kvartalsrapporten for 2. kvartal (pr. 31. juli) viser eit positivt netto driftsresultat som er 49,8 millionar kroner betre enn budsjettert. 

Formannskapet tilrår å ta kvartalsrapporten til etterretning. 

I tilrådinga heiter det vidare at kommunestyret ber formannskapet om å følgja den økonomiske situasjonen nøye og forventar at kommunedirektøren gjer dei nødvendige justeringane i drifta som trengst.

Det vert tilrådd at kostnader med redusert foreldrebetaling (8 millionar kroner), auka basistilskot til legar (1,7 millionar kroner) og pensjonsutgifter (26,4 millionar kroner) vert dekt inn med ekstra rammetilskot på 36 millionar kroner. 
Det er budsjettert med eit positivt netto driftsresultat på 31 millionar kroner i 2025. Pr 31. juli er netto driftsresultat 49,8 millionar kroner betre enn budsjettert. 

Kommunalsjefområda har eit samla meirforbruk på 17,5 millionar kroner ved utgangen av juli. Det er ei forbetring på om lag åtte millionar kroner samanlikna med 1. kvartal (31. mars). Etter at dei kortsiktige tiltaka er sette i verk, har kommunalsjefområdet Oppvekst ein prognose på 15 millionar kroner i meirforbruk, medan Helse og velferd har ein prognose på seks millionar kroner i meirforbruk. 

Dei frie inntektene til kommunen er samansett av rammetilskot og skatteinntekter. I tillegg til auka rammetilskot, har kommunen fått inn 983,1 millionar kroner i skatt. Dette er 43,9 millionar kroner betre enn periodisert budsjett.
Saka vert sluttbehandla i kommunestyret.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og bilte: Vigleik Brekke