To nye fredingsområde for hummar i Øygarden kommune

Fiskeridirektoratet har etter høyringsrunde og lokal forankring vedtatt å oppretta 15 nye fredingsområde for hummar på kysten. To av desse områda er i Øygarden kommune. Forskrifta (forbodet om hummarfiske) gjeld frå og med 1. oktober.

Gule område i kartet vert endra til raudt når forskrifta trer i kraft 1. oktober - Klikk for stort bileteGule område i kartet vert endra til raudt når forskrifta trer i kraft 1. oktober

Dei nye områda i Øygarden ligg sør og nord for Tælavåg. Områda er Nesvika/Ertnsskjeret og Ternneset/Nordra Skogsneset.

Etablering av fredingsområde skjer etter lokale initiativ og med lokal forankring.

– Utan ein lokal prosess er det ikkje mogeleg å oppretta fredingsområde. For oss er det difor viktig at det er eit lokalt ønske, og at prosessen fram til vedtak har lokal medverknad i form av høyring og andre innspel, seier rådgjevar Victor Fuglaas Holte-Nilsen i Fiskeridirektoratet.

Oppretting av fredingsområde for hummar betyr at det ikkje kan fiskast med andre reiskapar enn snøre eller snurpenot. Fastståande reiskapar som teiner, ruser og garn vil vera forbode. 

Nesvika/Ertnsskjeret

Nesvika/Ertnsskjeret - Klikk for stort bileteNesvika/Ertnsskjeret

 

Ternneset/Nordra Skogsneset

Nesvika/Ertnsskjeret - Klikk for stort bileteNesvika/Ertnsskjeret