Veidekke skal byggja ny ungdomsskule
Den nye ungdomsskulen på Bildøyna skal byggjast av Veidekke AS. Totalkostnaden er på om lag 600 millionar kroner *. Torsdag vart det kjent kven som vann konkurransen.
Skisse ny ungdomsskuleSkulen skal etter planen overleverast til Øygarden kommune 26. januar 2028. Skuledrifta startar opp i august 2028. Karenstida er 10 dagar og kontrakt kan inngåast tidlegast 6. oktober. Arbeidsstart på prosjektet er venta første halvår 2026 etter samspelsfase.
Prosjektleiar Christian Alsaker seier at kommunen har motteke fem gode tilbod.
- Evalueringskomitéen har arbeidd grundig med konkurransen og vurdert tilboda nøye. Det er konkludert med at vinnaren også er den aktøren som har levert tilbodet med høgast kvalitet.
Kommunedirektør Johnny Breivik er svært godt nøgd med resultatet av konkurransen.
- Vi har fått inn svært gode tilbod, og framtidige elevar på den nye ungdomsskulen kan allereie gle seg. Her vil rammene for god læring vera dei beste. Eg vil gratulera Veidekke som vinnar av konkurransen og ser fram til eit godt samarbeid i åra som kjem, seier kommunedirektøren.
Desse aktørane leverte inn tilbod;
- Backe Bergen AS – Kunnskapstreet
- Brødrene Ulveseth AS – Røtter fra Fjell
- HENT AS – Fjellkløveren
- Skanska Norge AS – Firkløver
- Veidekke Entreprenør AS – Tett på i Samklang
Konkurransen er basert på pris 50 prosent, løysingsforslag 40 prosent og framdrift 10 prosent. Alle tilbydarane oppfylte krava til deltaking i konkurransen og minstekrava sett i konkurransen.
Allmenning
* oppdatert 26.09.
Tekst: Vigleik Brekke
Skisse: Veidekke
Publisert 25.09.2025 18.33