Kommunalsjef for Finans og økonomi, Anne ErdalDet er budsjettert med eit positivt netto driftsresultat på 31 millionar kroner i 2025. Pr 31. juli er netto driftsresultat 49,8 millionar kroner betre enn budsjettert.
- Vi har grunn til å gle oss over at tiltaka som vart vedtekne i kommunestyret i mars har hatt effekt. Eg vil gje ros for at dei tilsette lojalt har følgd opp innsparingsvedtaka, seier Anne Erdal.
Kommunalsjefområda har eit samla meirforbruk på 17,5 millionar kroner ved utgangen av juli.
- Det er ei forbetring på om lag åtte millionar kroner samanlikna med 1. kvartal (31. mars). Etter at dei kortsiktige tiltaka er sette i verk, har Oppvekst ein prognose på 15 millionar kroner i meirforbruk, medan Helse og velferd har ein prognose på seks millionar kroner i meirforbruk. Dermed er vi ennå ikkje i mål. Vi må setja inn ytterlegare tiltak om vi ikkje oppnår nødvendig effekt av tidlegare vedtak om innsparing, seier kommunalsjefen.
Ekstraordinære inntekter
Kva er så forklaringa på at netto driftsresultat er vesentleg betre enn budsjettert, samstundes som det er eit samla meirforbruk i kommunalsjefområda?
Ei viktig årsak er at i resultatet pr. 31. juli ligg det eit mottatt rammetilskot knytt til revidert nasjonalbudsjett på 44,6 millionar kroner.
- Desse pengane skal vi bruka til redusert foreldrebetaling i barnehagane, ekstra pensjonsutgifter, auka basistilskot til legar, auka renter, auka prisar med meir. Ekstrainntektene går dermed til utgifter vi veit kjem utover hausten, seier Anne Erdal.
Dei frie inntektene til kommunen er samansett av rammetilskot og skatteinntekter. I tillegg til auka rammetilskot, har kommunen fått inn 983,1 millionar kroner i skatt. Dette er 43,9 millionar kroner betre enn periodisert budsjett.
- I fjor opplevde vi ein kraftig skattesvikt om hausten. Difor er det ein risiko for at skatteinntektene for 2025 vert lågare enn det prognosen viser no, seier kommunalsjefen.
Finansområdet viser elles at eigedomsskatten er litt lågare enn periodisert budsjett og at utbytte frå Eviny vart litt betre enn budsjettert.
Renteutgiftene vert venteleg 15 millionar kroner høgare enn budsjettert, og integreringstilskotet vert mellom fem og ti millionar kroner mindre enn budsjettert, alt etter kor mange flyktningar kommunen endar opp med å ta imot i 2025.
Oversikt

Avvik i prosent viser trenden samanlikna med utgangen av mai (1-5).
Stram økonomistyring
- Alt i alt er den totale prognosen for Øygarden kommune per juli 2025 at budsjettet vil halda, men at det ikkje vil vera rom for å setja av til disposisjonsfond i den storleiken som budsjettet legg opp til. Dette viser at det framleis er behov for stram økonomistyring for at prognosen skal halda. Dette gjeld også når vi skal setja rammene for 2026-budsjettet, seier kommunalsjef Anne Erdal.
Formannskapet skal behandla kvartalsrapporten 23. september. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke