
Opnar dørene på Fjell festning: - Dette vil folk ha
Frå laurdag 28. juni kan du kjøpa deg ein kopp kaffi med noko attåt i kanontårnet på Fjell festning.
- Folk kjem hit til festningsområdet og vil gjerne koma inn i kaféen, seier Ole Hovland i Sotra og Øygarden forsvarsforening. Kaféen og toalettet vert tilgjengelege for publikum kvar laurdag og sundag i sommar fram til utgangen av september.
Les meir.
Her er den nye kulturskulerektoren
Benjamin Hogstad (43) har takka ja til stillinga som ny kulturskulerektor i Øygarden kommune.
- Eg ser fram til å samarbeida med kollegaene og aktørane i kulturlivet, seier den påtroppande rektoren.
Les meir.
- Utfordrar kvarandre
I dag (23. juni) fekk Liegruppen Eigedom AS overrekt miljøfyrtårnsertifikat frå ordførar Tom Georg Indrevik.
- Når vi får formalisert dette, framstår vi med ei meir tydeleg røyst overfor leverandørane, seier dagleg leiar Roy-Eddy Lie.
Les meir.
Feira 10 år med munnspel
Knarrevik Munnspillkorps er 10 år. Korpset feira dette med 70 gjester i kultursalen i Fjell rådhus på fredag. Fleirtalet av medlemene er damer, og den yngste er rundt 20 år. Varaordførar Anita Garlid Johannessen var på plass på feiringa på fredag.
Les meir.
- Eg var heilt på toppen!
Siste måndagen i mai var 25 elevar frå Landro skule på klatring på Øygarden klatresenter.
- Eg er God Nok! seier ein av dei når han kjem hoppande ned klatreveggen og smiler. Han og dei andre elevane har gjennom heile dette skuleåret vore med på God Nok, og no er det avslutning med pizza og klatring. Følelsen av meistring er stor!
Les meir.
Spørjeundersøking om småbåthamner
For å få meir informasjon om tilgang og bruk av småbåthamner i Øygarden ønskjer vi at etablerte båtlag og marinaer svarar på ei undersøking. Vi ønskjer også tilbakemelding frå deg som eig eit område som i arealdelen eller i ein reguleringsplan er sett av til etablering av ny småbåthamn.
Les meir.
Vel blåst i NM for skulekorps
2 skulekorps frå Øygarden deltok i Noregsmeisterskapet for skulekorps i helga.Laurdag 21. juni stod Musikklaget Fjellklang, som ein del av Vestawind, og Samarbeidskorpset Sotra Vest/Ulveset skulekorps på scena i hhv janitsjar-avdelinga i Larvik og brass-avdelinga i Stavanger.
Les meir.
- Meir ro og mindre dårleg samvit
Like før helga hadde samtalegruppa for pårørande til personar med demens avslutningssamling på Øygarden lokalmedisinske senter.
- Dette har vore lærerikt. Vi har mellom anna lært at vi ikkje har grunn til å ha dårleg samvit, seier tre av deltakarane vi har snakka med.
Les meir.
Øygarden Syngande kommune, vil du også bli med?
Øygarden har vore Syngande kommune i 1,5 år og har kome halvvegs i perioden vi har fått frå organisasjonen «Krafttak for sang». Frå dei får vi litt pengar og ikkje minst flotte nettressursar til barnehagar, skular og eldreinstitusjonar.
Les meir.
Sender inn fem bidrag til internasjonal kunstkonkurranse
Øygarden kulturskule sender inn fem bilete laga av kunstelevane. Det er Mayors for Peace som arrangerer den årlege barnekunstkonkurransen «Fredelege byar». Ordførar Tom Georg Indrevik og kultursjef Marian Guddal Hansen har plukka ut dei fem bidraga frå Øygarden kommune.
Les meir.
Stengjer vegen om natta
Frå måndag 30. juni kl. 21.00 til tysdag 1. juli kl. 05.30 vil riksveg 555 ved Kipletunnelen, inkludert Harafjelltunnelen og Kipleskaret vera heilt stengd for trafikk. Det vert også nattarbeid i Drotningsvik.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (26)
- 23.06.: Interne møte
Miljøfyrtårnutdeling Liegruppen
Lunsj politisk leiing - 24.06.: Møte med Bergen kommune om hamn
- 25.06.: Møte i EFTA Forum – digitalt
Naturressurskommunane styremøte, digitalt
Generalforsamling i Trigger
Strategimøte med Johnny Breivik
Dialog med ØyVAR - 26.06.: Årsmøte og general forsamling i Vest-Norges Brusselkontor, digitalt
- 27.06.: AU Høgre, digitalt
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (26)
- 23.06.: Interne møter
Miljøfyrtårnutdeling
Lunsj politisk leiing - 25.06.: Sotra VGS
- 26.06.: Oppsummering halvår
- 28.06.: Vigsel