Meir ro og mindre dårleg samvit

Like før helga hadde samtalegruppa for pårørande til personar med demens avslutningssamling på Øygarden lokalmedisinske senter. 
- Dette har vore lærerikt. Vi har mellom anna lært at vi ikkje har grunn til å ha dårleg samvit, seier tre av deltakarane vi har snakka med.

Frå venstre; Iris Gisladottir, Torill Vik og Arne Vik. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Iris Gisladottir, Torill Vik og Arne Vik. Vigleik Brekke

Vi møter Iris Gisladottir som bur på Algrøyna og ekteparet Torill og Arne Vik som er busette på Hjelteryggen. Mannen til Iris er 61 år og fekk demensdiagnose i april 2024. Far til Torill er 89 år og har hatt Alzheimer sidan 2019.

Iris har vore med på samtalegruppa i to økter. Ho er sjukepleiar og kjenner godt til problemstillinga gjennom yrket sitt. Ho og mannen har tre barn. Paret flytta frå Island til Noreg i 2010/2011.

Noko måtte gjerast

Mannen hennar fekk diagnosen uvanleg tidleg. Han var då rundt 60 år.

- Mannen min har reist mykje i samband med jobben. Dei første signala var at han vart meir ustrukturert om praktiske og økonomiske ting og fant gjerne ikkje fram på nye stader. Vi spelte yatzy. Det fekk han ikkje til. Eg forstod at dette går ikkje. Noko måtte gjerast, seier Iris.

Mannen til Iris benekta først realitetane og meinte det var stress, men han var villig til å verta utgreidd. For vel eitt år sidan fekk han diagnosen demens. Han mista førarkortet og slutta i jobb, men han bur framleis heime. 

Ho kjenner på den vanskelege balansegangen med både å vera kjæraste og omsorgsperson.

- Det var eit sjokk i starten, og kvardagen har vore ganske tung, men eg maktar å gå på jobb. Den første tida måtte eg finna mykje ut av arbeidsrettslege forhold. Eg er oppteken av at han vert aktivisert, og det vert difor mykje køyring til og frå aktivitetar, seier Iris.

Iris har vore med i pårørandegruppa i to periodar. Ho kjenner på at ho fekk meir ro då ho deltok  for andre gong.

- Eg får meir ut av å vera med på samlingane denne våren enn den første perioden eg deltok i pårørandegruppa, seier ho. 

Frå avslutningssamlinga i sist veke - Klikk for stort bileteFrå avslutningssamlinga i sist veke. Alexandra Vik

Mistenksam

Også Torill og Arne har no avslutta samlingane i samtalegruppa for pårørande. Dei fortel at det gjekk gradvis med far til Torill (svigerfar til Arne). Han budde i Olsvik. I starten ringde han til dottera og svigersonen svært ofte.

- I starten spøkte han med å seia at han var blitt sjef i gløymeforbundet. Han vart utgreidd på demenssenteret på Haraldsplass diakonale sjukehus. Utviklinga av sjukdomen gjekk sakte i starten og litt i rykk og napp, seier Torill.

Torill og Arne registrerte at faren/svigerfaren vart meir mistenksam og at andre ville han vondt. Dette er ikkje uvanleg ved starten av demenssjukdom.

- Vi såg at han hadde behov for meir og meir hjelp heime. Han fekk avlastning på Fyllingsdalen behandlingssenter. Frå april i år fekk han fast plass der, seier Torill.

Både Iris, Torill og Arne kjenner på dårleg samvit overfor sine nære som har fått denne sjukdomen. Dette har dei snakka mykje om i samtalegruppa.

- Kvardagen er heilt endra. Det er ikkje lagt til rette for at ektefellen er på jobb. Eg får lett dårleg samvit når eg reiser på jobb, seier Iris.

Frå samling - Klikk for stort bilete Alexandra Vik

Kjende på dårleg samvit

Torill seier at tilbodet om å vera med i pårørandegruppe var akkurat det dei trengde.

- Vi kjende heile tida på dårleg samvit og vi hadde behov for å få kjenslene på plass. Då han fekk korttidsplass lova vi at han skulle få koma heim etter tre veker. Slik gjekk det ikkje. Då kjende eg på at eg ikkje hadde snakka sant til far, seier Torill.

Alle tre meiner at gjennom samlingane i pårørandegruppa har dei lært at dei ikkje skal ha dårleg samvit, men at dei tvert om at dei gjer mykje godt for dei som er ramma av sjukdomen. 

- Vi vert svært godt ivaretekne i gruppa. Her opplever vi ein fin kombinasjon mellom det faglege og sosiale. Her lærer vi mykje både frå leiaren og frå ei andre i gruppa. Vi har dei same utfordringane, og vi kan vera trygge på at vi ikkje skal ha dårleg samvit, seier Arne.

Iris Gisladottir og Torill og Arne Vik tilrår folk til å skriva framtidsfullmakt. Då slepp ein mykje byråkrati seinare.

Dikt skrive av Iris Gisladottir - Klikk for stort bileteDikt skrive av Iris Gisladottir

Meiningsfullt

Det er Alexandra Vik i ConnectDem som leiar samtalegruppa. Samlingane har vore på Øygarden lokalmedisinske senter i perioden 22. april til 20. juni.

-Å fasilitera ConnectDem sitt pårørendeprogram i Øygarden har vore svært meiningsfullt. Det gjer meg audmjuk å sjå evna pårørande har til å navigera i ein slik, ofte svært krevjande situasjon, seier ho.

Ho opplever at samlingane er ekte, opne og varme, med øvingar, refleksjonar og delte erfaringar knytt til tema som dilemma, samvit og ivaretaking. Når menneske får vera i et trygt rom prega av ærlegdom og å vera til stades, veks både innsikt, fellesskap og ein mjukare måte å møta seg sjølv og den ein er glad i på. 

- Deltakarar som har vore med fleire gogner seier også at innsiktene får verkeleg landa, litt etter litt. Det kan koma i etterkant, som ei setning som set seg fast, ei kjensle som får rom, eller eit nytt blikk på det ein står i. Eg sit igjen med takksemd for tilliten deltakarane har vist og for kvar og ein som har delteke, seier Alexandra Vik.


Tekst: Vigleik Brekke