Her er den nye kulturskulerektoren

Benjamin Hogstad (43) har takka ja til stillinga som ny kulturskulerektor i Øygarden kommune.
- Eg ser fram til å samarbeida med kollegaene og aktørane i kulturlivet, seier den påtroppande rektoren.

Benjamin Hogstad - Klikk for stort bileteBenjamin Hogstad tek til som rektor på kulturskulen 1. oktober.

Han kjem frå stillinga som avdelingsleiar (kultursjef) på Fyllingsdalen og Laksevåg kulturkontor i Bergen kommune. Han er utdanna allmennlærar med master i musikkpedagogikk.

Benjamin Hogstad tek til i stillinga den 1. oktober. Han gler seg stort til å starta som rektor på Øygarden kulturskole.

- Saman med engasjerte og dyktige kollegaer ser eg fram til å utvikla eit levande, inkluderande og inspirerande kulturskuletilbod. Eg håpar også snart å verta kjend med både nye kollegaer og aktørar i det lokale kulturlivet. Eg ser fram til eit spennande samarbeid, seier Benjamin Hogstad.

Den nye kulturskulerektoren kjenner godt kulturlivet og kulturskulen gjennom ulike nettverk og samarbeid og har sjølv vore elev på kulturskulen og spelte blant anna fiolin, piano og gitar. I skulekorpset spelte han både kornett, althorn, trombone og baryton – i til saman sju år. Seinare, i studietida, vart det punkbassgitar i band. 

- Det er altså ein allsidig kulturskulerektor vi har tilsett med lang leiarerfaring. Vi gler oss til å få Benjamin Hogstad på plass som rektor på kulturskulen i oktober, seier kultursjef Marian Guddal Hansen.

Bjørn Andersen slutta som kulturskulerektor den 1. mars. I tida fram til 1. oktober fungerer kultursjef Marian Guddal Hansen som rektor på kulturskulen.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: privat