Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, dagleg leiar Roy-Eddy Lie og eigedomsutviklar Jan Arthur Nilssen.Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.
Eigedomsutviklaren Liegruppen Eigedom er lokalisert i sitt eige bygg Straume Teknologisenter på Søre Straume. Bygget vart overteke av Liegruppen i 2021. Eigedomsselskapet har fire tilsette, men leiger inn konsulentverksemder og kompetanse etter behov. Ikkje minst krev planane om utvikling av Nordre Bildøyna store ressursar for å utvikla det store byggjeprosjektet i samarbeid med BOB.
Eigedomsutviklar og forvaltar Jan Arthur Nilssen seier at selskapet i mange år har arbeidd med energieffektivisering. Dette er godt både for miljøet og økonomien.
- I løpet av dei siste to-tre åra har vi redusert energiforbruket her på bygget (Straume Teknologisenter) med 60 prosent. Vi ligg nå på om lag 900 tusen kilowattimar pr. år, seier Nilssen.
Liegruppen Eigedom vart utfordra av leigetakarar, som allereie er miljøfyrtårnsertifisert, til å få denne statusen.
- No er bedrifter som representerer 70-75 prosent av arealet her på bygget sertifisert. Mykje av krava til å verta sertifisert var på plass, men det vert meir formalisert med dette. Sertifikatet vert rullert jamleg og forpliktar oss endå meir, seier Jan Arthur Nilssen.
Liegruppen Eigedom vart etablert i 1972. Økonomien har vore stabilt god, men omsetnaden har variert ganske mykje år for år som følgje av sal og kjøp av eigedomar. Dagleg leiar Roy-Eddy Lie seier at 2023 og 2024 var to krevjande år for eigedomsbransjen og at dette også har fått konsekvensar for eigedomsforvaltninga til Liegruppen.
Også eigedomsbransjen har vore prega av oppgang- og nedgangstider. Døme på krevjande periodar er nedgangskonjunkturen på slutten av 1980-talet, ny nedgang på 90-talet, finanskrisa i 2008, oljekrisa i 2014 og pandemien frå 2020.
- Tradisjonelt har vi ikkje hatt ledige lokale. Dei siste to åra har vore prega av høg rente og dermed ledig kapasitet i nokre av bygga. 2025 ser noko betre ut, seier Roy-Eddy Lie.
Tekst og foto: Vigleik Brekke