Øygarden Syngande kommune, vil du også bli med?

Øygarden har vore Syngande kommune i 1,5 år og har kome halvvegs i perioden vi har fått frå organisasjonen «Krafttak for sang». Frå dei får vi litt pengar og ikkje minst flotte nettressursar til barnehagar, skular og eldreinstitusjonar. 

Ill.foto - Klikk for stort bilete Iris Engen Skadal, Krafttak for sang

No kan din institusjon kan prøva gratis abonnement i eit heilt år, sjå denne lenka.

Ikkje la denne sjansen gå frå din arbeidsplass;  når ein syng får ein det betre! Forskinga er klinkeklar på det. Song er bra for alle…

Frå før er det 11 barnehagar som er Syngande barnehagar, og det er fleire på veg inn. Mange barnehagar har vore Syngande i fleire år og har gode songrutinar innarbeidde. I vinter blei to tilsette i Leirstaden barnehage intervjua om korleis dei jobbar med song og musikk i kvardagen i barnehagen. Les meir her.

Erika Kroken og Åshild Eriksen gav ut to bøker i haust, både songboka «Småtrall» og den metodiske boka «Musikalsk kokebok». «Småtrall» er utdelt i alle barnehagar, og kokeboka er også tatt i bruk av mange. 

Frå Småtrall-konsert november 2024 - Klikk for stort bileteFrå Småtrall-konsert november 2024 Vigleik Brekke

Allsongfest

Fleire skular har avtale med Syngende skole, og her kan du vera med på Skolenes songdag som er ein årleg allsongfest. I samarbeid med Den kulturelle skulesekken (DKS) i kommunen har til saman ti skular fått besøk av songduoen Hallaisiken. Dei har jobba på kvar skule i fleire veker og har fått barn på mellomtrinnet til å synga og skinna. Tilbakemeldingar frå lærarane og elevane har vore veldig god, og lærarane melder om at dei oppdagar nye og positive sider hos elevane. 

I fjor haust på planleggingsdagen fekk alle lærarane i område nord eit songkurs med Hallaisiken, og alle Syngande barnehagar får kurs før å auka kompetansen og kunnskap om song og effektane det gir for både barn og tilsette. 

I tillegg har vi eit songutval som består av frivillige for ulike kor i kommunen, Folkeakademiet og kyrkja. Vi samlast for å utveksla erfaringar og skapa nye tilbod for song og ikkje minst allsong. Vi kan også støtta tiltak kor kriteriet er at songen skal nå ut til mange. Har du eit songprosjekt du har lyst å få til? Ta kontakt med prosjektleiar Åshild Eriksen på e post ashild.eriksen@oygarden.kommune.no. 

Bilete av bok - Klikk for stort bilete

Invitasjon frå Sund blandakor

I haust skal Sund blandakor ha ein workshop og konsert kor dei inviterer barn og unge. 

Vil du bli med kan du lesa meir her. 

Vi har hatt song og allsong på kommunestyremøte fleire gonger og songutvalet jobbar for at vi skal inkludera allsong så ofte som mogleg. Song gjer deg glad. Prøv du også!


Åshild Eriksen