Opnar kaféen på Fjell festning 28. juni

Frå laurdag 28. juni kan du kjøpa deg ein kopp kaffi med noko attåt i kanontårnet på Fjell festning. 
- Folk kjem hit til festningsområdet og vil gjerne koma inn i kaféen, seier Ole Hovland i Sotra og Øygarden forsvarsforening. Kaféen og toalettet vert tilgjengelege for publikum kvar laurdag og sundag i sommar fram til ut i september.

en forsvarsforening ønskjer publikum velkomen til kaféen på Fjell festning frå og med komande laurdag - Klikk for stort bileteOle Hovland (til venstre) og Christian Daae-Hansen i Sotra og Øygarden forsvarsforening ønskjer publikum velkomen til kaféen på Fjell festning frå og med komande laurdag.

Stiftinga Fjell festning, Sotra og Øygarden forsvarsforening og Øygarden kommune har den siste tida arbeidd saman for at kafeen skal opna i sommar. Dugnadsgjengen i forsvarsforeininga stiller opp og driv kafeen på frivillig basis. Denne veka fekk forsvarsforeninga serveringsløyve for sesongkafédrift i kanontårnet fram til og med 28. september.

Det er Christian Daae-Hansen i forsvarsforeininga som er ansvarleg for drifta og dagleg leiar. Han stadfestar at kaféen er open frå og med laurdag 28. juni.

- Alt skjer på dugnad. Vi har laga til vaktliste, og inntektene går til Sotra og Øygarden forsvarsforening. Det er 25 tusen personar kvart år om besøker området. No tilbyr vi vaflar, sveler, kaffi, brus, sjokolade og is, seier Daae-Hansen som gler seg til å driva kaféen på dugnad.

Opningstidene blir kvar laurdag og søndag, kl. 12.00 – 16.00 i juli og august, og kanskje litt ut i september. Toalettbygget vert ope alle dagar. Stiftinga stiller lokala gratis til rådvelde, og kommunen betalar for straum og reinhald. 

Rådgjevar i kultureininga, Halvor Skurtveit, opplyser at i vår vart partane samde om ein plan for framtidig drift på festninga, men det vil ta noko tid før eit permanent nytt tilbod med museum og kafé er på plass. Kafétilbodet denne sommaren er difor ei mellombels løysing.

Ole Hovland gler seg over godt samarbeid med Øygarden kommune.

- Eg vil gje ros til kommunedirektør Johnny Breivik, kultursjef Marian Guddal Hansen og Halvor Skurtveit i kultureininga for godt samarbeid. Utan samarbeid med kommunen hadde vi ikkje fått dette til. Med open kafé og tilgang til toalett vil det koma endå meir folk til festningsområdet, seier han.

Toaletta vert også opne for publikum. - Klikk for stort bileteOgså toaletta vert opne for publikum.

Christian Daae-Hansen seier at fleire idrettslag gjerne vil bidra med å jobba i kaféen.

- Folk vil gjerne nytta området og kombinera dette med kafébesøk. Her er ei fantastisk utsikt. Og så har me sauer, geiter, idrettsløype og høve til å gå på stolpejakt. Det vert også høve til å gå ned til utstillinga under kanontårnet. Barn under 12 år må gå saman med vaksne, seier Daae-Hansen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke