Frå måndag 30. juni kl. 21.00 til tysdag 1. juli kl. 05.30 vil riksveg 555 ved Kipletunnelen, inkludert Harafjelltunnelen og Kipleskaret, vera heilt stengd for trafikk.
Foto/skisse: Sotra Link
Sotra Link opplyser at det skal monterast anleggsmaskinar. I tillegg skal det fraktast bjelkesystem som må installerast på anleggsområdet før oppstart med støyping av gang- og sykkelbru i slutten av juli.
Det vert ny stenging for trafikk i slutten av juli, då også med nattarbeid frå kl. 21.00 til kl. 05.30.
Det vert omkøyringsveg via Godviksvingene i arbeidsperioden. Les meir her.
Nattarbeid i Drotningsvik
For å sikra framdrift vert det jobba i nattskift i forankringskammera og spreiekammera til den nye brua i Drotningsvik med oppstart 30. juni Spreiekammera ligg i tunnelmunningane til den nye Drotningsviktunnelen.
Arbeidet er hovudsakleg armering. Støyskjerming er sett opp. Arbeidet er manuelt og vil ifølgje Sotra Link ikkje føra til videre støy, men det vil vera aktivitet i området, som arbeidslys og bilar. Les meir her.
Stenging av Bildøystraumen laurdag føremiddag
Laurdag 28. juni vert Bildøystraumen stengd frå kl. 08.00 til 13.00 då ein *pontong skal flyttast nærare austseida av straumen.
* Pontong er ei flyteinnretning brukt for å halda oppe ulike konstruksjonar, flåtar eller fartøy. Les meir her.
Publisert 26.06.2025 11.03